Hopp til innhald

Våge i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våge
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 4[2][3]
Ferdselsårer Kommunal veg til Fv65

Våge er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 4.[2][3]

Våge ligg på sørsida av Skifjorden og grensar i vest til Kjøpstad, i nord til Skifjorden, i aust til sidefjorden Vågane og i sør til Åsmul.[3] Det går kommunal veg til garden frå Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane.[4]

I skattematrikkelen frå 1647 er garden lista som audegard og han høyrde til Øn kyrkje.[5] Garden var kyrkjegods fram til 1802. Våge hadde eitt bruk fram til 1926.[3]

Namnet kjem av at garden ligg ved fjordarmen Vågane.[3] I kjeldene er namnet skrive «Woge» (1563), «Voige» (1603), «Woige» (1608) og «Waage» (1667).[6]

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Våge» i 1983.[7]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn, skrivemåten har då vore «Waage» og «Våge».

Stadnamnet Våge er kjend frå mange andre stader i landet, og også frå Jämtland i Sverige.

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 21. november 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 21. november 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Våge : Gnr. 4». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 34. ISBN 8299219817. 
  4. «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)».  Vitja 21. november 2010
  5. Rolf Fladeby og Liv Marthinsen, red. (1977). «Sunnfjord futedøme : Ascheuolds schibred : Øns sogen : Ødegaarde : Waage». Norsk lokalhistorisk institutt : Skattematrikkelen 1647 XII SOGN OG FJORDANE FYLKE. Universitetsforlaget. s. 158. 
  6. «Oluf Rygh: «Vaage» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». 
  7. «yr.no».  Vitja 21. november 2010

Vidare lesnad

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]