Vågen i Stavanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°58′17.303″N 5°43′44.497″E

Utsikt frå Vågen i Stavanger

Vågen er ei vik av Byfjorden i Stavanger. Det er denne delen av Byfjorden som har gitt namn og utspring til byen Stavanger. Det historiske og dagens sentrum ligg langs Vågen.

Namnet Stavanger kjem frå det norrøne namnet Stafangr, som er samansett av stafr, som tyder stav, og angr, som tyder fjord. Ifylgje historikaren Knut Helle må det dreia seg om det rette fjordlaupet inn til Vågen, med stafr som skal visa til den bratte skrenten til Valberget aust for Vågen. Busetnaden til byen starta aust for vågen og opp mot Torget og Domkyrkja.

No ligg den nyoppussa tusenårsstaden torget inst i Vågen. Langs begge sider av Vågen ligg det fleire pubar, barar, restaurantar, hotell, butikkar og museum. Fisketorget og «Sjøfartsmonumentet» av Arnold Haukeland ligg inst. Vågen er også viktig for fleire av festivalane som vert arrangerte i Stavanger, mellom anna sandvolleyballturneringa, Gladmatfestivalen og Stavanger2008-arrangement.