Vågenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vågenes
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Postnummer 5936 MANGER
Gardnummer 29 og 30

Vågenes, med gardane Øvre Vågenes (og kalla Nordre Vågenes) og Nedre Vågenes (og kalla Søre Vågenes) er to gardar på Radøy i Hordaland .

Garden vart truleg rydda i jernalderen, truleg i dei fyrste hundreåra etter Kristi fødsel. Han kom tidleg under jordegodset til Munkeliv Kloster i Bergen, eit gods som etter Reformasjonenvart overført til kongen. Delinga i to gardar skjedde alt i mellomalderen.

I nyare tid er gardane delt vidare opp i mange bruk. I nyare tid er jordbruksdrifta lagt ned på dei fleste bruka, men enno er Vågenes ein viktig bustad. I tillegg er det mange feriehus på Vågenes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]