Vågstrandtunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vågstrandtunnelen

Vågstrandtunnelen er ein 3 665 meter lang tunnelEuropaveg 136 i Rauma kommune i Møre og Romsdal, opna i desember 2014. Tunnelen strekker seg frå om lag Stolsneset rett nord for den nordlege opninga av Måndalstunnelen til Ner-Våge på Vågstranda. Tunnelen ligg i stigning frå ti meter over havet ved opninga i sør mot Måndalen til eit høgste punkt på femti meter over havet inne i tunnelsen, og derfrå i fall til om lag 20 meter over havet ved opninga i nord på Vågstranda.

Bygginga av tunnelen med vegtilknytingar tok til i september 2012. Ein 1,2 kilometer lang strekning med ny veg inngjekk i prosjektet, og dessutan gang- og sykkelveg og nye lokalvegar. Stein frå tunnelen vart nytta til ei sjøfylling som europavegen ligg på i Tresfjorden fram til Tresfjordbrua.