Våle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Våle, Váli eller Vale er i den norrøne gudelæra son av Odin og Rind. Våle vart fødd for å ta livet av Hod som hemn for at Balder døydde. Det er fortald at Våle ein dag gamal tok livet av Hod.

Våle overlever Ragnarok. Han er modig og ein sikker skyttar. Snorre Sturlason kallar Våle for Bo.

Våle sin bustad i Åsgard heiter Vålaskjalv. Hallen vert i tillegg omtala som Odin sin hall. Hallen er bygd kring Lindskjalv og taket er tekka med sylv.

Våle er òg[endre | endre wikiteksten]