Våler kyrkje i Solør (1805–2009)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°40′21″N 11°50′6″E

Våler kyrkje
kyrkje
Vaaler kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Solør, Vinger og Odal
Sokn Våler
Fellesråd Våler
Type Korskyrkje
Material Tre
Innvigd 26. juni 1806
Tårn Ved vestre korsarm.
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol I kleberstein, frå 1100-talet
Sitjeplassar 400[1]
Wikimedia Commons: Våler kirke (Hedmark)

Våler kyrkje var ei krosskyrkje bygd i 1805 i Vålbyen i Våler kommune i Hedmark fylke. Kyrkja brann ned natt til 29. mai 2009.[2] Ein del av inventaret vart berga ut.[3] Ei ny Våler kyrkje i eit særprega, moderne formspråk vart vigsla i 2015.

Kyrkja var soknekyrkje i Våler kyrkjesokn i Solør prosti. Det er eit gravkapell ved kyrkja, det vart ikkje skadd i brannen. Det vart heller ikkje den freda kyrkjestova.

Kyrkja var bygd i tømmer som var dekt med panel både ut- og innvendig. Ho hadde tårn ved den vestre krossarmen. Hovudinngangen gjekk gjennom tårnfoten. Kyrkja hadde tre galleri. Preikestolen var laga i 1916 av O. Foss frå Våler. Altertavla var plassert i ei nisje over alteret. Ho hadde krossfestinga som motiv. Preikestolen var plassert over alteret og altertavla. Klebersteinsdøypefonten var frå kring 1150. Han skal ha vorte berga ut før kyrkja brann ned. Kyrkja hadde to kyrkjeklokker. Den eine var flytt over frå stavkyrkja. Det var òg ei ornamentkiste frå 1690 og eit kyrkjeskåp frå før reformasjonen i kyrkja.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Olavspila er motivet i kommunevåpenet til Våler kommune

Det har vore kyrkje i Våler sidan mellomalderen. I følgje ei segn fór kong Olav Haraldsson gjennom Solør i 1022 og kristna då bygda. Han stoppa ved det som seinare vart heitande Olavkjelda og derfrå skaut han ei pil. Der pila landa skulle det byggjast kyrkje for bygda. Pila landa på ein rydning med dungar med kvist og røter (ein vål) ved Glomma og der reiste dei ei kyrkje. Då kommunen laga seg kommunevåpen i 1987 valde dei Olavspila som motiv med bakgrunn i denne segna.[5]

Då Våler-kyrkja vart nemnd i skriftlege kjelder på 1600-talet, var det ei forfallen stavkyrkje kalla Mariakyrkja det gjaldt. Kyrkja vart vølt og stod til 1805 då ho igjen var forfallen og dessutan var vorte for lita. Det vart då bygd ei krosskyrkje i tre, og stavkyrkja vart riven. Krosskyrkja vart bygd eit stykke frå den gamle kyrkjestaden.[6] På den gamle kyrkjestaden er det sett opp eit minnesmerke. Frå stavkyrkja vart ein døypefont i kleberstein og altertavle overflytt til krosskyrkja. Døypefonten vert datert til kring 1150. Han er laga i kleberstein frå Gotland. Altertavla er datert 1697.

Kyrkja fotografert i 1929.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Våler kirke», s. 628
  2. «Våler kirke brant ned» i nettutgåva av Østlendingen 29.mai 2009
  3. «- Vi berget altertavla og døpefonten. Så smalt det» på dagbladet.no 29. mai 2009
  4. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Våler kirke», s. 628
  5. Om kommunevåpenet på nettstaden til Våler kommune
  6. Redaktør: Bjarne Øygarden: Hedmark - Vegviser til kultur og opplevelser Hamar 1993 ISBN 82-7518-036-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]