Vålerenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også Vålerengens Idrettsforening
Parti frå Danmarksgate. Flagget kjem av at Vålerenga fotball hadde heimekamp da bildet blei tatt.

Vålerenga er eit område i Oslo. Det er ein del av Bydel 1 Gamle Oslo. Vålerenga ligg mellom Gamlebyen, Jordal, Ensjø, Etterstad og Lodalen. Vålerenga er avgrensa av Enebakkveien, Hovedbanen, Gjøvikbanen, Strømsveien, Østerdalsgata, Numedalsgata, Opplandsgata og Strømsveien. Skjeringa til Gjøvikbanen er i dag overbygd og ikkje synleg, men ho låg rett aust for Etterstad Kolonihage. Vålerenga er spesielt kjent for sine gamle trehus og sine fotball- og ishockey-lag.

Vålerenga har no (2005) ein blanda busetnad. Det finst framleis noko av den gamle arbeidarklassen, ein del av pønkarane frå åttitalet er òg til stades, men gentrifiseringa set eit stadig sterkare preg på bydelen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bydelen Vålerenga oppstod rundt Vålerenga gard i siste halvdel av 1800-talet. Hovudbygningen på garden kan ein i dag sjå ved sida av Vålerenga kyrkje. Huset var ein periode prestegard og den eldste delen er frå 1700-talet. I 1855 låg området framleis utanfor bygrensa da dei første tomtene blei skilt ut. Husbygginga var derfor ikkje råka av murtvangen som hadde blitt innført i Christiania i 1624. Det blei bygd små trehus i den stilen folk kjende frå bygdene dei kom frå. Tomtene blei festa bort, og tomte-eigaren kunne vedta reguleringsplanen. Husa frå denne perioden ligg tett side om side, med fasadane ut mot fortauet. Dei er i ein til to etasjar, lafta og med ståande panel. Enkelte av husa var eldre hus frå innflyttarane sine heimstader, eit av desse står no på Norsk Folkemuseum. Dei fleste som busette seg på Vålerenga i denne perioden var handverkarar, vognmenn, dreiv med småindustri eller levde av dyrehald. Det var typisk innflyttarar som sjølve står som byggherrar for husa sine.

Fram mot byutvidinga i 1878 endra bygningsmønsteret seg noko, det kom fleire leigegarder i tre og øvst på Vålerenga kom det også store private hus med hagar. Etter byutvidinga gjaldt murtvangen, og det var dei klassiske leiegardene i pussa tegl som blei bygde. Det var nå fleire industriarbeidarar som slo seg ned i bydelen. Vålerenga hadde likevel lenge eit førindustrielt preg. Ei oppteljing av yrkessamansetninga hos menn i den øvre delen av Vålerenggata viser at sjølv om delen handverkarar går ned, er dei framleis den største gruppa i 1930, med sysselsette i industrien tett etter. Verdt å merke seg er det også at talet på tilsette i transport er stabilt høgt. Dette skyldast kanskje nærleik til jernbanen og Oslo Sporveiers trikkestall på Kampen (noverande Kampen Hageby). Ei anna mogeleg forklaring er at byens vognmenn kan ha hatt ein tendens til å busetje seg på Vålerenga.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Vålerenga var lenge eit trafikk-knutepunkt. Ved Galgeberg endar St. Halvardsgate, det som i mellomalderen var kjent som Gatene, og i dag er starten på Pilegrimsleia til Trondheim. Enebakkveien og Strømsveien som begge tar av frå Galgeberg var dei gamle hovudferdselsårene mot nettopp Enebakk og Strømmen/Romerike. På 1970-talet var dette blitt svært merkbart. I rush-tida stod køene stille gjennom Vålerenga, resten av døgnet var trafikken tett. Bebuaraksjonane for å få trafikken ut av bydelen starta, saman med kampen for å verne dei siste trehusa. Begge delar blei krona med hell, i dag er begge vegar stengde for gjennomkøyring og Vålerengatunnelen stod ferdig i 1989 og bringar Rv 190 under Vålerenga.

[[trikk|Vålerengatrikkene: Nummer 16 gikk til Skøyen og nummer 6 gikk til Majorstua. I tillegg gikk Østensjøbanen fra Opsal til Jar gjennom Vålerenga. Trikketraseen blir i dag delvis køyrt av buss nummer 37 Helsfyr-Kjelsås. Næraste T-banestasjon er Ensjø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]