Vålerengens Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vålerenga Idrettsforening)

Vålerengens Idrettsforening (VIF) er ein paraplyorganisasjon for idrettslaga Vålerenga Fotball, Vålerenga Ishockey, Vålerenga Håndball, Vålerenga Amerikansk Fotball, Vålerenga Ski og Vålerenga Innebandy. Vålerengens Idrettsforening blei skipa 29. juli 1913 som idrettslaget Spring og har røter attende til fotballklubben Spark, skipa 1898 på Vålerenga. Foreininga blei delt opp i sjølvstendige klubbar for dei skilde idrettene i 1989. Foreininga er no mest kjend for fotball og ishockey. Vålerenga Fotball har blitt seriemeister 5 gonger og cupmeister 3 gonger (2004). Vålerenga Hockey har blitt norgesmeister heile 23 gonger. VIF har om lag 2 100 medlemmar (2005).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]