Vårmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vårmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Early Purple Orchid (Orchis mascula) (16591590104).jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Orchis
Art: O. mascula
Vitskapleg namn
Orchis mascula
Økologi
Habitat: kalkrik grasmark
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika

Vårmarihand (Orchis mascula) er ei plante i vårmarihandslekta Orchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Vårmarihand kan bli kring 30 centimeter høg og har eit aks med purpurraude blomar, som har ei stor tredelt leppe med store «venger». Den indre delen av leppa er gjerne lys, ofte nesten kvit. Arten blømer i mai og er ein av våre tidlegaste orkidear.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vårmarihand toler meir tørke enn dei fleste orkideer, men treng kalkrik jord. I Noreg veks han i hovudsak i kystnære område nord til Troms.[3] Vårmarihand er i raudlistevurderinga (2021) rekna som livskraftig (LC).[4]

Arten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «Sankt Pers nycklar»),[5] i Danmark (LC) (dansk namn: «tyndakset gøgeurt»),[6] i Finland (NT) (finsk namn: «miehenkämmekkä»)[7] og på Færøyane (CR) (færøysk namn: «kalmansbørkubóndi»).[8]

Vårmarihand (engelsk namn: «early purple orchid») er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[9][10] på same måte som lokalt i England og Wales,[11][12] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[13]

Det er framlegg om at vårmarihand skal vere kommuneblome for Austevoll kommune.[14]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar vårmarihand». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre vårmarihand». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  3. «Artskart: Vårmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  4. «Raudlista: Vårmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 28. februar 2022. 
  5. «Artfakta naturvård: Orchis mascula Sankt Pers nycklar». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Tyndakset Gøgeurt Orchis mascula». Naturbasen. Henta 5. mars 2022. 
  7. «LAJI: Orchis mascula». LAJI.FI. Henta 5. mars 2022. 
  8. Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn. 
  9. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  10. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  14. «Kommuneblomster». Norsk Botanisk Forening. Henta 28. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]