Vårpengeurt
Vårpengeurt | |
![]() Vårpengeurt | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Krossblomfamilien Brassicaceae |
Stamme: | Coluteocarpeae |
Slekt: | Noccaea |
Art: | Vårpengeurt N. caerulescens |
Vitskapleg namn | |
Noccaea caerulescens |
Vårpengeurt (Noccaea caerulescens eller Thlaspi caerulescens (J. & C. Presl) eller Thlaspi alpestre ) er ein to- eller fleirårig plante i krossblomfamilien.
Planten vert 10-30 cm høg, og har snau stengel med bladrosett som ofte overvintrar. Kronblada er kvite eller lysfiolette. Blada er blågrøne og sluttar seg om stengelen, og som visnar nedanfrå etterkvart som planten veks. Frøa mognast i 5-10 mm breie hjarteforma skulper, kvar med mange frø.
Vårpengeurten vart innført til Botanisk Hage Noreg, og derfrå har han spreid seg sidan 1874. No er han fullt naturalisert i tørr eng, på berg og i open tørr skog opp mot fjellet. Ved Finse er han funnen opp til 1225 m. I sør framstår han som ein karakteristisk vårplante. Han er vanleg nord til indre Helgeland, men han er òg funnen lenger nord, til og med som tilfeldig ugras på Svalbard.
Opphavleg høyrer vårpengeurten heime i fjellstroka i Sør- og Mellom-Europa. .
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid Norsk flora Det Norske Samlaget 2005 ISBN 82-521-6029-8
- Knut Fægri: Norges planter Cappelens forlag 1960
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Vårpengeurt hos Artsdatabanken
- (en) Vårpengeurt i Encyclopedia of Life
- (en) Vårpengeurt i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Vårpengeurt hos Dyntaxa
- (en) Vårpengeurt hos NCBI
- (en) Vårpengeurt hos The International Plant Names Index
- (en) Vårpengeurt hos Tropicos
- (en) Kategori:Noccaea caerulescens – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Noccaea caerulescens – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Noccaea caerulescens – detaljert informasjon på Wikispecies