Våttån

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Våttåhaugen)

Våttån (også Våttåhaugen)[1] er eit utsiktspunkt og ein attraksjon i Indre Fosen kommune i Trøndelag. Det går ein tursti frå parkeringsplassen opp til utsiktspunktet som ligg 332,09 moh. Frå utsiktspunktet har ein utsikt over hele tettstaden Leksvik, samt store delar av Trondheimsfjorden inkludert Trondheim.

Namnet Våttåhaugen, eller Vottahaugen som var namnet tidlegare, har namn frå Votta og Haug. Votta er eit gammalt namn for varde, som vart nytta til og varsle ufred.

I følgje segner skulle Våttå-trollet bu på toppen av Våttåhaugen. Den vart ein gong så sint på kyrkjeklokkene frå Leksvik kyrkje at han kasta ein stor stein mot kyrkja, men bomma så steinen vart liggande igjen på stranda. Seinare vart Våttåhaugen kjend gjennom reiseskildringar av Gerhard Schøning i 1774. Under den andre verdskrigen vart Våttåhaugen bygd om til ein tysk militær base med tårn, skyttergraver og bomberom i ei hole. Både hola og skyttergravene er framleis der i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Våttån». Kartverket. Henta 22. januar 2018. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.