Ran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Væpna ran)
Fray Pedro de Zaldivia y el Bandido Maragato. Del av ein serie måleri av Francisco de Goya.

Ran er vinningstjuveri som blir utført ved hjelp av vald eller trugsmål. Enkeltpersonar, verksemder eller verditransportar kan bli rana. Ein som utfører eit ran blir kalla ranar.

Ran i norsk rett[endre | endre wikiteksten]

Ein person kan straffast for ran i norsk rett om han får tak i ein gjenstand som tilhøyrer ein annan med vinning for auget, anten ved å øve vald mot ein person eller ved hjelp av trugsmål som framkaller alvorleg frykt for vald mot ein person. Ein kan også straffast for ran om ein bruker slike middel til å tvinga nokon til å valda tap fare for tap (straffeloven § 268 jf § 267). Bortføring av ein person for utpressing, «kidnapping», er derfor juridisk sett ran eller forsøk på det. I andre tilfelle kan ran liggja på grensa mot tjuveri, til dømes om ein riv ein ting frå ein annan utan elles å tilføya denne overlast (som veskenapping).

Straffa for ran er fengsel i inntil fem år, medan grovt ran kan straffast med fengsel i inntil 12 år. Har det grove ranet hatt til følgje død eller betydeleg skade på lrp[[ eller helse, kan straffa omfatta fengsel inntil 21 år. Ved avgjeringa av om ranet er grovt eller ikkje skal det særleg leggjast vekt på om det er brukt grov vald, om det er truga med skytevåpen eller ein annan særleg farleg reiskap, om ranet er nøye planlagt, utført mot forsvarslaus person eller gjeld ein betydelig verdi.

Dei strengaste ransdommane avsagt i Noreg blei nytta etter ranet av Norsk Kontantservice (NOKAS) i Stavanger i 2005. Ved dommar frå Høgsteretten i 2007 (Rt-2007-1056) fekk deltakarane mellom 9 og 18 år i fengsel for ulike roller i ranet der ein politimann blei skoten og drepen under gjennomføringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Ran» (5. juli 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 9. mars 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]