Værangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Værangen er ein fjord i Rødøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 15 km nordaustover til pollen Kista i botn av fjorden. Fjorden kryssar polarsirkelen.

Fjorden har innløp mellom Telnes i aust og øya Renga i vest. På austsida av fjorden, oppfor Telnes, ligg Telnestinden på 973 meter over havet. Fjorden går først nordover, men svingar etter kvart nordaustover og austover forbi Klubben. I denne indre delen av fjorden ligg Jektvika på sørsida av fjorden. Grenda Værangen, som fjorden er kalla opp etter, ligg på nordsida. Inst i fjorden ligg pollen Kista som har eit smalt innløp via Kistastraumen. Dette sundet vert kryssa av Fylkesveg 17, som går langs den sørlege delen av fjorden. Fv440 går på nordsida av fjorden.