Væringar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Væring)
Væringar - 'Gjestar frå over sjøen' måla av Nicholas Roerich (1899).

Væringar er ei felles norrøn nemning på dei mennene som tenestegjorde i vaktstyrken hjå keisaren av Miklagard (Konstantinopel). Væringar var ei form for leigesoldatar900- og 1000-talet.

Væringar som omgrep er nærskyldt eller overlappande med omgrepet varjagar, «dei edsvorne», som var dei mennene som dreiv handel austover og sørover på dei russiske elvene, eller dreiv plyndring som vikingar. Arkeologiske funn på Gotland i form av utanlandske mynter tyder på eit vestleg senter for denne handelen, og at handelen var monaleg. Den dag i dag kan ein sjå spor etter væringar i Istanbul, ved å sjå runer i Hagia Sofia.

Norrøn busetjing i aust[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «væring»[a] (norrønt væringi m., fleirtal væringjar, kanskje avleidd av substantivet várar [hokjønn fleirtal] for 'lovnad, eid') omfatta som regel menn frå Norden, men kunne like gjerne omfatta kven som helst frå vestlege Europa, til dømes angelsaksarar som rømde frå den normanniske erobringa av England. Slavarar og bysantinarar skilde ikkje mellom nordeuropearar. Den russiske Nestorkrønika inkluderte til og med danskar og engelskmenn som væringar eller varjagarar. Ein av dei aller mest kjende væringane var Harald Sigurdsson frå Noreg, den seinare kongen Harald Hardråde.

Eit omtrentleg kart over dei slaviske kulturane i det europeiske Russland på 800-talet.

Væringar hadde drive handel i Austersjøen såg langt attende som 600-talet. «Han vart drepen i austerled» eller han «for i austerled til Gardariket» står det på runesteinar i Sverige. Allereie då Helgö var ein blomstrande handelsplass i Mälaren i Sverige på 600-talet fanst det kontaktar på den andre sida av Austersjøen. Fredlause, voldsmenn, eventyrarar, kjøpmenn og busetjarar frå særleg Sverige og dei andre nordiske landa trekte mot aust på same måte som dei òg trekte mot vest. Det veldige landet i aust tydde store høve. Dei russiske elvene var sambandet mellom kjøpar og sel til dei kostbare produkta frå Orienten. Langs elvene nådde norrøne menn Svartehavet og i år 839 til den store byen som dei kalla for Miklagard – hovudstaden i det store austromerske riket Konstantinopel. Eller ferda kunne alternativt gå langs elva Volga endå lengre austover til Kaspihavet og vidare til dei fekk kontakt med Bagdad og den arabiske verda. Ein mann som utrusta storstilt ferd austover var svensken Ingvar den vidfarne som vert mint i ei eiga soge.

I kjølvatnet av eventyrarane og handelsmennene følgde busetjarar som danna svenske «koloniar» i aust frå 700-talet. Desse svenske busetjarane gjekk saman med den innfødde slaviske folkesetnaden og vart det rusiske rikt og seinare Kievriket som nådde sit høgdepunkt på 1000-talet. Det var eit rike som dekte eit område som var større enn Noreg, Sverige og Danmark og Dei britiske øyane til saman og strekte seg frå Finskebukta i nord og nesten til Svartehavet i sør.

Væringar og rusarar[endre | endre wikiteksten]

Sofiakatedralen i Novgorod er den beste verna kyrkja frå 1000-talet.

Norrøne busetjarar var sannsynlegvis eit element i den tidlege etniske byrjinga på samfunnet Rus og spelte nok og ei betydeleg rolle i danninga av Khaganatet Rus, eit slavisk-norrønt samfunn på 800-talet som eksisterte før Kievriket. Væringane vert først omtalt i den russiske Nestorkrønika, som truleg vart nedskriven på byrjinga av 1100-talet, og desse væringane skal ha kravd skatt frå slaviske og finske stammar i 859. I 862 skal dissa stammane ha gjort opprør mot væringane, men enda opp med å kjempa mot kvarandre:

«(Dei) dreiv væringane tilbake over havet, nekta å betala skatt til dem, og akta å styra seg sjølv. Men det var inkje lov mellom dem, og stammar reiste seg mot stammar. Usemja følgde blant dem, og dei byrja å kriga den eine mot den andre. Dei såg til kvarandre, «La oss søkja ein prins som kan herska over oss og dømma i samsvar med vår veremåte.» Deretter drog dei over havet til væringane, til Rus. Desse væringane vart kalla for Rus, akkurat som nokon er kalla svenskar, og andre nordmenn og anglar, og andre for gotere (frå Gotland), for dei var såg kalla. Chudene, slavarane, krivichene og vesene, dei såg til ruserne: «Vår land er stort og rikt, men det er ingen orden i det. Kom og regjer og hersk over oss.» Tre brør, med deres ætlingar, stilte frivillig. Dei tok med seg alle ruserne og kom.»

Ifølgje soga kom desse væringane eller rusarane frå «over havet», ein Rurik eller Rørik og dei to brørne hans Truvor og Sineus med andre væringar og busette seg i byen Novgorod. Rurik vart verande herskaren inntil han daude i 879.

Sjølv om mange historikarar ser på væringane frå 800-talet som ei segn, var den historiske busetjinga rundt byen som dei norrøne kalla for «Aldeigja», Aldeigjuborg (frå finske Alode-joki, 'låglandselv'), dagens Staraja Ladoga, assosiert med namnet Rurik (Hrørīkr , Rurik, Riurik), den væringen som tok kontroll over området i 862 og bygde Holmgard (Ryurikovo Gorodisjtsje) i Novgorod rundt innsjøen Ladoga. Aldeigjuborg var den første større handelsplassen på vegen mot aust og eit viktig vegkryss mellom handelsvegane då. På 800-talet hadde han kanskje så mange som 1000 innbyggjarar. Vestlege historikarar ser på at denne norrøne busetjinga smelta saman med den slaviske busetjinga og danna Kievriket, det rusiske kongedømmet Kiev og såleis gav namn til landet Russland. Mange slaviske forskarar har likevekl opponert og avvist at det var ein norrøn innverknad ut frå nasjonale omsyn.

I kontrast til den store norrøne innverknaden i Normandie og spesielt på Dei britiske øyane sette den kulturen som væringane hadde med seg svært få spor i aust. Dei herskande klassene i dei to mektige byane Novgorod og Kiev synest å ha vorte slavifisert svært raskt, sannsynlegvis på grunn av at væringane var eit lite mindretal og at språket deira vart fortrengt av slavisk.[b] Likevel vart norrønt snakka i Novgorod heilt fram til 1200-talet, og væringar i tydinga leigesoldatar heldt fram å gjera teneste hos den austromerske keisaren.

Væringgarden[endre | endre wikiteksten]

Soldatar frå Væringgarden i Skylitzis-krønika.

Væringsgarden vart oppretta i 930 og bestod av krigarar frå dei nordiske landa som tente som leigesoldatar for den austromerske keisaren. Dei som vende heim påverka omgivnadene med framande inntrykk. Den femtårna kyrkja i den danske byen Kalundborg ber innverknad austfrå som vart teken heim av væringar.

I 839 skal keisar Teofilos ha tilsett norrøne menn, væringar eller varjagarar, som leigesoldatar i vaktstyrken i Konstatinopel. Teofilos forhandla med væringane som han kalla for «Rhos» for å skaffa leigesoldatar til hæren sin. I år 860 hadde væringane i Kiev angripe Konstantinopel for første gong. Det første angrepet skal ha vore mislukka, men det hinderet dem ikkje å gjera nye angrep, samstundes som andre væringar var oppteke med fredfylt handel. Væringane skal ha kome attende med nye angrep i 860, 907, 911, 941, 945, 971, og siste gong i 1043. Til trass for dei stadige angrepa var væringane underlegne militært sett og vart alltid overvunne av hæren til keisaren, spesielt ved hjelp av gresk eld.

Soldatar frå Væringsgarden i Skylitziskrøniken.

Væringar vart tilsette av kongedømmet i Novgorod og Kiev som leigesoldatar frå 800-talet og fram til 1000-talet. Siste gong ein væring eller varjager vert nemnd som leigesoldat i Russland, er i 1043. Om grunnen var at det ikkje lenger var behov for dem, eller om leigesoldatane hadde vorte assimilerte i samfunnet i staden og ikkje lenger vart vurdert som væringar, er ope for spekulasjon.

Væringane tenestegjorde saman med sjøfolk frå Dalmatia i den bysantinske flåten mot Kreta i 902 og på nytt i 949 under Konstantin VII Porfyrogennetos. Så tidleg som 911 vert væringar eller vikingar nemnsw i den bysantinske hæren. Det vart skrive ned at det var kontingentar av væringar i hærstyrken som kjempa mot arabarane i Syria i 955. Etter denne tenesta steig dei i gradane frå medlemmar av «Det store forbund» (gresk Μεγάλη Εταιρεία) til leigesoldatar i den keiserlige vaktstyrken.

Det vart vanleg med væringar innanfor Det austromerske riket, og etter at keisar Basileios II vart stadig meir desperat, vart etter kvart stadig fleire væringar rekruttert. I 988 sende Basileios II førespurnad etter endå fleire soldatar til Vladimir I av Kiev for å få hjelp til å forsvara trona. Bunden av den traktaten som Vladimirs far hadde inngått, sende herskaren av Kiev 6 000 krigarar til Konstantinopel. Som takk sende keisaren sin syster Anna som Vladimirs hustru og inngjekk ei avtale om å konvertera til kristendomen.

I 989 gjekk hæren med væringar, leidde av Basileios II sjølv, i land ved Chrysopolis for å kjempa mot opprørsgeneralen Bardas Phocas. På slagmarken døydde Phocas av eit slagtilfelle i påsyn av sina motstandarar. Etter sin døden til leiar snudde Phocas' soldatar og flykta i alle retningar. Brutaliteten til væringane vakte oppsikt då dei forfølgde den flyktande hæren og «frydefylt hakket dem i småbitar».

Det var Basileios II si mistru til innfødde vaktmenn, med ein lojalitet som lett kunne endra seg med fatale konsekvensar, saman med lojaliteten væringane allereie hadde vist, som fekk Basileios II til å verva væringane som sine personlege livvakter. Denne nye styrken vart kjend som Væringsgarden (gresk Tagma ton Varangion, Τάγμα των Βαραγγίων). I løpet av åra kom stadig nye rekruttar frå Sverige, Danmark og Noreg, og det nordiske innlaget var dominerande i organisasjonen fram til slutten av 1000-talet.

Eit bevis på nærværet til væringane i Miklagard kan lesast i ei innskrift (graffito) med runer rissa inn på handlista i balustraden på øvste galleri på søre side i Hagia Sofia: «Halvdan var her».

Dominert av menn frå England[endre | endre wikiteksten]

Ein runeinskripsjon av ein viss «Halvdan» på eit rekkverk i Konstantinopel er talande bevis på nærværet til væringane.

Væringarden vart dominert av skandinavar dei første hundre år, men etter 1066, då England vart erobra av normannerne, kom etter kvart ei aukande mengd av angelsaksere via Middelhavet. Ei kjelde oppgjev at 4 350 mann kom seglande i 235 skip. Dei som ikkje vart tekne i keisarleg teneste vart utplasserte langs kystane av Svartehavet, men dei som vart anteke vart så viktige at dei vart kalla for Englinbarrangoi frå då av. For angelsakserne og dei engelskfødde danane hadde den tydinga at dei kunne halda fram å kjempa mot normannarane, denne gongen under Robert Guiscard på Sicilia, som freista å invadera dei sørlege områda på Balkan, endå utan hell.

Misnøgde angelsaksere hadde ikkje heilt gjeve opp tanken om å gjenerobre England frå Vilhelm erobraren. Då den danske kongen Svein Estridsson vitja Konstantinopel, freista dei utan hell å overtala han til å gjenerobre England frå normannerne. Men nokon, kanskje til og med dei fleste, busette seg i det fremja landet og skapte seg nytt liv der. Ein angelsakser av høg byrd frå Canterbury imponerte keisaren så mykje at han fekk tildelt eit «jarldømme» og kunne gifta seg inn i ein rik familie. Han bygde ei kyrkje i Konstantinopel som vart vigd til sankt Nikolas av Myra og Augustin av Canterbury. Kyrkja vart eit kapell for væringane.

Under regimet til Henrik I vart ein mann ved namn Ulfric frå Lincoln send til England på eit diplomatisk oppdrag for keisar Alexios I Komnenos, sannsynlegvis for å rekruttera fleire leigesoldatar.

Organisasjonen[endre | endre wikiteksten]

Føremålet med og pliktene til Væringsgarden tilsvarte den norske og svenske hirden, det angelsaksiske og danske garden av huscarlar, og kievriksk druzhina, men det var ikkje identisk med desse. Væringane tenestegjorde som personlege livvakter for keisaren og svor ein troskapsed til han.[c] Dei hadde seremonielle plikter som å støtta og å hylla keisaren i tillegg til å utføra visse polititenester, spesielt retta mot svik og konspirasjonar.[d]

I motsetnad til innfødde austromerske vaktar låg lojaliteten til væringane direkte under keisaren sjølv, og ikkje ein overordna offiser. Dette vart tydeleg i 969, då væringane som tenestegjorde som livvaktene hans lét vere å verna keisar Nikeforos II Fokas frå attentat og heller ikkje hemna døden hans.

Lojalitet på prøve[endre | endre wikiteksten]

Hagia Sofia

Væringane opptrer i den skotske forfattaren Walter Scott sin roman Hertug Robert av Paris som dei modigaste og mest lojale av alle menn i den bysantinske hæren, noko som sannsynlegvis var sterkt overdrive. Skjønt, denne romantiske overdrivelsen byrja ikkje med britiske forfattarar, men med dei samtidige bysantinske forfattarane, som svulstig viste til «dei edle brutale». Nokre bysantinske forfattarar omtalar dem som «barbarar med øksar» eller pelekyphoroi barbaroi. Mange skribentar prisar deres lojalitet til keisaren og meiner at den skulda deres etniske bakgrunn. Men det bysantinske styret var stadig utsett for tronranere, noko som indikerer at Lojaliteten til væringsgarden kan ha vore mindre enn kjeldene vil ha oss til å tru.

Eit merkbart unntak til den berømte lojaliteten til væringen overfor keisaren skjedde i 1071. Etter å ha vorte overvunne av sultan Alp Arslan vart keisar Romanus IV Diogenes seint attende til Konstantinopel for å regjera. Hans rivalar til trona hadde derimot andre meiningar, og etter å ha vedteke at hans manglar som keisar var for mange, vart det gjennomført eit palasskupp før han kunne koma. Hans stesønn, Johannes Dukas, nytta Væringsgarden til å fjerna den fråverande keisaren. Han delte garden i to delar, éi gruppe som drog til palasset for å utropa hans bror Mikael VII Dukas som keisar, og ein annan som vart send for å arrestera mor hans, keisarinne Eudokia. I staden for å forsvara den fråverande keisaren, lét væringane seg bruka av tronranarane.

Menn med øksar[endre | endre wikiteksten]

Som likesinna norrøne krigarar i nord brukte væringane helst lange øksar som våpen, men dei var òg dugelege med sverd og boge. I nokre kjelder er dei skildra som ridande. Væringsgarden var stasjonert hovudsakleg rundt Konstantinopel, og mange væringar var forlagt i sjølve Bucoleonpalasset. Garden følgde òg hærstyrken i felt, og bysantinske krøniker (forutan fleire vesteuropeiske og arabiske skribentar) merkte seg ofte dugleiken deira i kamp, særleg samanlikna med dei lokale barbarane. Væringane var viktige for den bysantinske sigeren under keisar Johannes II Komnenos i slaget ved Beroia i 1122. Væringane hakka seg veg gjennom sirkelen til fienden av vogner, slo sund stillingane deira og skapte kaos i posisjonane deira.

I tillegg var væringane dei einaste i den bysantinske hæren som med hell makta å forsvara delar av Konstantinopel under Det fjerde krosstoget. Sjølv om garden tilsynelatande vart oppløyst etter at byen vart erobra i 1204, er det visse indikasjonar på at han vart oppretta igjen anten av keisarriket Nikea eller av Palaeologos-keisarane sjølv.

Harald Hardråde kjempa i 18 slag som leiar for Væringsgarden, blant anna i det sørlege Italia og på Sicilia.

I tillegg til å kjennast for sin ekstreme lojalitet, vart væringane på 1000-talet kjende for dei lange øksane sine og den heftige hangen sin til drikking. Det finst talrike historier om væringar som anten drikk over evne eller som er fulle. Den danske kongen Erik Ejegod skal i løpet av eit besøk i Konstantinopel på veg til Jerusalem ha «formanet Væringgarden til å leve et mer nøkternt liv og ikke overgi seg til fyl». I lys av dette er det neppe overraskande å finna ei tilvising frå 1100-talet som skildrar væringane som «vinsekkane til keisaren».

Kanskje den mest kjende medlemen av Væringsgarden var den framtidige kongen Harald Sigurdsson av Noreg, mest kjend under det karakteristiske namnet sitt Harald Hardråde. Etter at han flykta frå Noreg etter slaget ved Stiklestad, drog Harald først til Russland og derfrå til Konstantinopel i 1035. Han skal ha delteke i 18 slag og slåst mot arabarane i Anatolia og på Sicilia under general Georgios Maniakes, og dessutan i det sørlege Italia og Bulgaria.

I løpet av tida si i Væringsgarden fekk han tittelen Akolouthos («kommandant av garden»), men tenesta hans enda med fengsling på grunn av økonomisk underslag av gods frå den plyndringa som fann stad under hans kommando. Han klarte etter kvart å rømma frå fengselet og koma seg heim i 1043. Ifølgje Heimskringla vart han fengsla for å ha fornærma dronning Zoe (Zoë Porfyrogenita). Grunnen skal ha vore delvis at Harald ville ha ei møy ved namn Maria, som var ein slektning av dronninga, og delvis at dronninga ville ha han sjølv. Snorre Sturlason si forklaring her er neppe historisk korrekt.

Den forviste angelsaksiske prinsen Edgar Ætheling kan òg ha tenestegjort i vaktstyrken rundt år 1098. Væringsgarden vert òg nemnd i Njålssoga med referanse til Kolskegg. Denne skal først ha reist til Russland og derfrå til Konstantinopel «og der tok tjeneste hos keiseren. Det siste som ble hørt fra ham var at han hadde giftet seg med ei hustru der, og var kaptein for væringene og ble der til sin dødsdag.»

Òg Soga om laksdølane har eit kapittel om Miklagard og væringane: «Da Bolle hadde vært en vinter i Danmark, ga han seg på ferd til andre land, og han stanset ikke før han kom til Miklagard. Han var ikke lenge der før han ble opptatt blant væringene. Vi har ikke hørt om at noen annen nordbo før Bolle Bollesson hadde gitt seg i tjeneste hos Miklagardskongen. Bolle ble i Miklagard temmeleg mange år, og han ble regnet for den djerveste mann overalt der det røynet på, og gikk jamnt like etter de fremste. Væringene satte stor pris på Bolle så lenge han var i Miklagard.»[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. ukrainsk Варяги - Varjahy; kviterussisk Варагі - Varahi; russisk Варяги - Varjagi; mellomaldergresk οἱ Βαριάγοι - hoi Variágoi, av og til: οἱ Βαράγγοι - hoi Varángoi, eller οἱ Βάραγγοι - hoi Várangoi
  2. Samanlikn med den fransktalande normanniske herskarklassa i England etter 1066
  3. Hovudmengda av alle austlege mynter som er grave fram i Norden er funne på Gotland.
  4. Det var korkje uvanleg eller spesielt for Det bysantinske riket at ei utanlandsk hæravdeling kunne oppnå slik tett tilgjenge til herskaren eller koma til slik prestisje.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sagaer i utvalg, Laksdøla saga, side 467. Oslo 1995. ISBN 82-03-17530-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Andersen, Lars: Væringene, Aschehoug 2003. ISBN 9788203187162
  • Blondal, Sigfus: Varangians of Byzantium: An Aspect of Byzantine Military History. Oversatt av Benedikt S. Benedikz, Cambridge, 1978. ISBN 0-521-21745-8
  • Davidson, H.R. Ellis: The Viking Road to Byzantium. London, 1976. ISBN 0-04-940049-5
  • Henriksen, Vera: Med skip til lands og til vanns: eventyret om vikinger i austrveg, Grøndahl 1981. ISBN 82-504-0462-9.
  • Ingelman-Sundberg, Catharina: Boken om vikingarna, Prisma 1998. ISBN 91-518-3317-4
  • Tjønn, Halvor: Vikingenes Russland, Erling Skjalgssonselskapet, 2006. ISBN 82-91640-27-0
  • Kválen, Eivind: Det norske Garðariki, Oslo: Eige forlag, 1930-31
  • Larsson, Mats G.: Vikingar i østerled, MånPocket, 1999. ISBN 91-7643-604-7
  • Larsson, Mats G.: Väringar. Nordbor hos kejsaren i Miklagård, Stockholm: Atlantis, 1991. ISBN 91-7486-961-2, ib.
  • Sigfús Blöndal: The Varangians of Byzantium, Cambridge : Cambridge university press, 1978. ISBN 0-521-21745-8