Værne Kloster

Koordinatar: 59°23′35″N 10°40′21″E / 59.39306°N 10.67250°E / 59.39306; 10.67250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°23′35″N 10°40′21″E / 59.39306°N 10.67250°E / 59.39306; 10.67250

Værne Kloster

Kart
Værne Kloster
59°23′35″N 10°40′21″E / 59.39305556°N 10.6725°E / 59.39305556; 10.6725

Værne Kloster (eller Verna kloster, i mellomalderen Varna) er i dag ein herregard i Rygge i Østfold-området i Viken. Det har tidlegare vore kongsgard og det einaste johanittarklosteret i Noreg. Klosteret og garden vart lagt under krona i 1532, og vart der fram til 1675. I moderne tid har garden vore meieri og planteskole. I dag er det berre landbruksverksemd på staden. Ruinane av klosteret er synlege på bakkenivå.

Hovudbygning og plassering[endre | endre wikiteksten]

Den eldste delen av hovudbygninga skriv seg frå ca. 1660 og er truleg bygd på murar frå klostertida. Av klosterkyrkja er det i dag berre ruinar igjen. Desse ligg i hagen søraust for hovedbygningen. Der finn ein òg ein moderne bautastein med johanitterordenens våpenskjold og årstala 1190 og 1532 hogd inn, og dessutan ein liten kvit statue av «Den einsame nonna».

Værne kloster ligg i eit særprega herregardslandskap, med høgreiste eiketre og flotte allear. Her finst òg edellauvskog, med blant anna sommereik, svartor, gråor-oskeskog og alm-lindeskog. Bogslunden i nærleiken av klosteret er den første freda edelløvskogreservatet i Noreg. Staden vart freda 2. november 1973.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sagatid[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Værne (eller Varna, som det vart kalla før) har fleire store gravhaugar frå bronsealderen, og Værne var i jernalderen senter for lokale småkongar. Ein av dei var kong Skjold, som i følgje Ynglingesoga kunne trolldom:

«Den gongen var det ein konge på Varna som heitte Skjold; han kunne allslags trolldom. Kong Øystein segla med nokre hærskip over til Varna og herja ; han tok det han fann, klede og anna som var verd å ha, reiskapen til bøndene, og så hogg dei strandhogga, etterpå seila dei bort. Kong Skjold kom ned til stranda med hæren sin, då var kong Øystein borte og kome heilt over fjorden, og Skjold så seila deira; så tok han kappa si og sveiva og bles med han. Då dei seila inn forbi Jersøy, satt kong Øystein ved roret, eit anna skip seila like opp mot dei, det var litt sjøgang, og så slo bommen på skipa kongen over bord ; det vart banen hans. Mennene hans fekk tak i liket, dei flytta det inn i Borre, og der kasta dei haug på raet ute ved sjøen ved Vadla.»[1]

Johanittarkloster[endre | endre wikiteksten]

Kong Sverre Sigurdsson overdrog rundt 1190 staden til johanittarordenen, og eit hospital eller pleieheim for gamle hirdmenn vart anlagt. Klostertida varte fram til 1532.

Kyrkja til klosteret var vigd til Døyparen Johannes, og klosteranlegget var det einaste johanittarordenen hadde i Noreg. Dei opphavlege føremåla til ordenen var å bidra med omsut for sjuke og nødstedte pilegrimar i Det heilage landet. Men verksemda fekk etter kvart ei militær side; i løpet av 1100-talet bygde dei opp militære eliteavdelingar som var med på å forsvara korsfarerstatene saman med andre korsfarerordener, som tempelriddarane. Dei trong ein base for å skaffa seg ressursar og kom til å grunnleggja hus i heile Vest-Europa. I Noreg dreiv johanittarane berre med humanitært arbeid.

Anlegget tente òg som hospital for kongen sin hird fram til 1308, då kong Håkon V Magnusson (1299–1319) oppretta eit eige hospital for dette føremålet ved Mariakyrkja i Oslo. Kongen kom i konflikt med johannittarane, og klostergodset vart konfiskert. Etterfølgjaren hans, kong Magnus Eriksson (1319–1374), vart pålagt av paven å levera klostergodset tilbake.

Restane av klosterkyrkja viser at det har vore ei teglsteinkyrkje. Den eksakte utforminga til klosteranlegget er likevel ukjent. I motsetnad til dei fleste andre klosterordenar hadde ikkje johannittarane nokon bestemde regler for utforminga av anlegga sine.

Værne kloster var òg eit pilegrimsmål i katolsk tid. Historia fortel blant anna at ein bonde frå Telemark i 1458 vart pålagt å dra på pilegrimferd til Værne, Vadstena og til Nidaros .

Klostergodset vart konfiskert i 1532. Dette skjedde etter at prioren Peter Jonssøn hadde støtta forsøket til kong Christian II på å gjenerobre Noreg i 1532. Jonssøn sende 40 lodd sølv til Christian II med bøn om at «det ringe bidrag ikke måtte forsmåes.» Men då Christian IIs gjenerobringsforsøk feilte, lei klostret ei hard straff. Frederik I avsette prioren, oppheva klostret, indrog godset det hadde og gav det som len til sin hoffsinde, Peder Brockenhuus. Med dette var Værnes si tid som religiøst senter slutt.

Etter reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

Klosteret vart som tidlegare nemnt allereie i 1532 krongods. Bygningane vart brende ned i 1570 i samband med Den nordiske sjuårskrigen. Godset med tilhøyrande gardar vart forpakta fram til 1675, då det vart privatisert.

Familien Sibbern[endre | endre wikiteksten]

Frå 1730 tilhøyrde klosteret familien Sibbern. Sibbern-perioden varte fram til 1906.

Værne kloster og eit anna gods i områdde, Evje, hadde eigarinteresser i ikkje mindre enn 36 gardar i Rygge ved overgangen til 1800–talet. Det vil seia at gardane kontrollerte ein tredjedel av gardane i soknet, og skal ein gå ut i frå jordareal vert gardane endå større.

Værne kloster og Sibbern-familien var viktige både i Rygge og i resten av landet. Valentin C.W. Sibbern var blant anna eidsvollsmann i 1814. Sønene til Valentin, Georg og Carl, gjorde begge karriere innan statsadministrasjonen. Georg vart diplomat og mangeårig norsk statsminister i Stockholm. I 1840 fekk Carl Sibbern og broren Matthias dela Værne kloster mellom seg. Carl bygde opp garden Carlberg. Han var ein foregangsmann for omlegginga av jordbruket i Rygge. Han arbeidde òg aktivt for at det skulle byggjast ei jarnbane frå hovudstaden og gjennom Rygge til Sverige.

Familien Sundt[endre | endre wikiteksten]

Inggard Sundt frå Bergen kjøpte godset i 1906. Han innførte nye driftsmåtar og sette i gang landbruksbaserte industriprosjekt. Han fekk bygd eit nytt fjøs i 1912 med 130 kyr, starta eige meieri og mjølkekondenseringsfabrikk. Værne Kloster mjølkefabrikkar trong emballasje, resultatet vart De Forenede Blikemballasjefabrikker i Moss. I Årefjorden vart det anlagt ei bryggje med lagerhus der mjølkeprodukt vart lagra for eksport og der kol vart importert. Sundt satsa òg på grønnsaker, og fekk bygd store drivhus som vart varma opp med damp frå ein gammal lokomotivkjele.

Sonen hans, Rangvald Sundt, tok over garden i 1943 og dreiv han til 1983. Han laga ein planteskole på garden, og planta dei aller fleste trea på garden.

Dagens eigar av Værne kloster er Lars Sundt Jensen (2007). Han tok over etter bestefaren sin, Rangvald. Dei hoppa over ein generasjon, fordi dottera til Rangvald hadde vaksne born då han trekte seg frå gardsbruket.

Arkeologiske undersøkingar og konservering[endre | endre wikiteksten]

Den første antikvariske undersøkinga av ruinane vart gjort av L.D. Klüwer, då han i 1812 målte opp restane av klosterkyrkja. Berre delar av kormuren er synlege over bakkenivå, men store deler av murfoten ligg nokoleis intakt under markoverflata.

Ved ein inspeksjon i 2005 vart det oppdaga at ruinen var i dårleg forfatning. Mørtelen heldt på å verta utvaska og stein rasa ut. I tillegg truga røtene frå nærstående tre med å sprenga deler av muren. Det vart utarbeidd ein skjøtselsplan, og i 2007 byrja arbeidet med å fella tre rundt ruinen. Riksantikvaren stod for arbeidet i nært samarbeid med Borgarsyssel Museum.

I 2009 vart òg NIKU involvert med å gjera kartlegging av området rundt ruinen med georadar. Då vart det konstatert spor av ein stor, nærare femti meter lang steinbygning som strekkjer seg inn under den eksisterande hovedbygningen på garden. Det har vore rekna med at dette kan vera murfoten etter det gamle klosterhospitalet.[2][3][4]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Det er ved Værne Kloster at hovudpersonen i romanen Sirkelens ende av Tom Egeland – kalla «den norske Da Vinci-koden» – finn eit 2 000 år gammalt gullskrin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre: Ynglingesaga, kap. 46
  2. Funn på Værne kloster 2009, arkivert frå originalen 13. desember 2009, henta 16. september 2016 
  3. Historisk funn på Værne kloster - NRK
  4. Fann bygningsrestar ved hjelp av georadar - Riksantikvaren

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Svandal, Trond: Heilage krigarar: Johanitterne på Værne kloster, Valdisholm forlag, (2010) ISBN 978-82-7412-073-0
  • Svandal, Trond: Valentin Christian Wilhelm Sibbern og Værne kloster i Rygge, i Jørn Holme (red.): Dei kom frå alle kantar - Eidsvollsmennene og husa deira, Cappelen Damm 2014