Hopp til innhald

Véria

Véria
Lokalt namn Βέροια

Utsyn over Véria
Geografi
StadMakedonía
Koordinatar40°31′14″N 22°12′8″E / 40.52056°N 22.20222°E / 40.52056; 22.20222
Areal791,4 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Imathía
HovudseteVéria (42 508 innb.)
Demografi
Folketal62 655 (2021[1])
Folketettleik79,2 /km²

Véria (gresk Βέροια), òg skrive Veroia, er hovudsete i kommunen med same namn og hovudstad i periferieininga Imathía i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Byen er òg sete for eit bispedøme i den gresk-ortodokse kyrkja.

Véria ligg same stad som den antikke byen Berøa (òg kalla Berea eller Beroea), som var viktig på 300-talet fvt. og som var ein del av Kongedømet Makedonia. Som ein del av Romarriket frå 168 fvt. talte Paulus og Silas her i år 54 eller 55 evt. Diocletian gjorde den store og folkerike byen til ein av to hovudstadar i den romerske provinsen og vart ein av dei første byane som vart sete for ein biskop. Byen vart invadert av slavarar og erobra av Det osmanske riket i 1361, som gav han namnet Kara Ferye. Han vart ein del av Hellas igjen i 1912 etter den første balkankrigen.

Véria hadde ein ganske stor jødisk fellesskap i det 1. hundreåret evt. Paulus trekte seg tilbake til Véria med Silas og Timoteus frå jødisk forfølging i Thessaloníki. Då forfølgjarane følgde etter han trekte han til sjøs og reiste til Aten (Apg 17:10-15). Jødane i Véria var derimot meir villige til å lytte til Paulus enn i Thessaloníki, og ein av dei, Sopater eller Sosipater, vart ein av følgjesveinane til Paulus.

Véria har ofte kalde og våte vintrar og tørre og varme somrar. Sommaren 2007 fekk Véria ein av dei høgaste temperaturane ein nokon gong har målt her med 44 °C.

Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Maks. [°C] 7 9 10 16 19 29 29 24 19 16 12 5
Min. [°C] 3 6 8 11 16 19 17 14 12 10 8 4
Varmerekordar [°C] 2022 25 3136 44 4239 36 3227 26

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Kart over kommunaleiningane i kommunen Véria. ██ 1 - Véria ██ 2 - Verjína ██ 3 - Makedonída ██ 4 - Dovrás ██ 5 - Apóstolos Pávlos
Den tidlegare kommunen Véria, no kommunaleininga Véria

Frå 2011 omfattar kommunen Véria òg dei tidlegare kommunane Verjína, Makedonída, Dovrás og Apóstolos Pávlos. Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 62 655 innbyggjarar, medan kommunaleininga Véria hadde 46 976 og tettstaden med same namn 42 508 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
VériaVéria43 15842 508
MakrokhóriApóstolos Pávlos5 1894 870
Ájos JeórjosDovrás1 7631 474
PatrídaDovrás1 4921 314
DiavatósApóstolos Pávlos1 2761 096
VerjínaVerjína1 2421 096
Ajía VarváraVéria896991
KouloúraApóstolos Pávlos992941
PalatítsiaVerjína834734
Ajía MarínaDovrás864698
RizómataMakedonída816632
RákhiVéria610616
Néa NikomídiaApóstolos Pávlos801607
AsómataVéria607551
TrílofoDovrás615522
TripótamosVéria533480
MésiVéria568407

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]