Vêrradar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein amerikansk vêrradarstasjon i Oklahoma

Ein vêrradar er ein dopplerradar som i tillegg til å observere ekko frå nedbør, måler farten til nedbørområda. Dette gjer det mogleg å òg seie noko om vindretninga og vindstyrken. Ein kan òg sei noko om nedbørstype (regn, sludd, hagl eller snø). Ved å køyre ein biletserie av bileta, får ein godt hjelpemiddel i korttidsvasrlinga. Ein kan til dømes seie noko om korleis frontsystem forflyttar seg, nydanningar av lågtrykk, byeaktivitet, hagl og torevêr. I USA er vêrradar eit viktig middel i korttidsvarslinga av tornadoar og tropiske orkanar.

Innanfor dekningsområdet til radaren kan ein for ein del timar fram i tid varsle relativt nøyaktig kor og når det kjem nedbør og korleis vindforholda vil bli.

Ein vêrradar består av ein sendar, antenne, mottakar og ei prosesseringseining som produserer og viser produkt. Antenna sender ut elektromagnetiske pulsar. Når desse treffer nedbør, vil signal i form av ekko bli reflekterte tilbake til antenna. Alle vêrradarprodukt blir berekna ut frå ekkoa. Hovudregelen er at dess sterkare ekko, jo større nedbørintensitet.

Det er berre i dei seinare åra at regnekapasitetene har vore gode nok til å kontinuerleg samle inn og prosessere dei store datamengdene ein vêrradar samlar inn.

Plassering av vêrradar[endre | endre wikiteksten]

Ein vêrradar må plasserast i eit område som er fritt for høge fjell og andre detaljar i terrenget som kan sperre for radarstrålene. Plassering er difor ei utfordring i eit fjelland som Noreg. Høge byggverk eller andre installasjonar nær vêrradaren vil òg redusere «utsikta» og kunne gje blokkeringar.

Ein vêrradar må altså ha best mogleg sikt, men bør likevel ikkje liggje særleg høgare enn 500-600 meter over havet. På grunn av jordkrumninga aukar høgda til radarstrålene over det nivået vêrradaren er plassert på med aukande avstand. Dersom ein vêrradar blir plassert for høgt og har for stort overvakingsområde, er det difor risiko for at nedbør kan liggje under radarstrålen og dermed vere «usynleg» eller liggje så høgt at det er vanskeleg å seie noko om kva for konsekvensar han vil gje på bakkenivå. For å sikre datakvaliteten er difor kvar vêrradar i Noreg gjeve eit overvakingsområde avgrensa til 240 km.

Vêrradarer i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt i Noreg har (delvis i samarbeid med andre institusjonar) vêrradarer på Hagahogget i Asker, Staksteinsliknuten i Hægebostad, Goddo i Bømlo, ved Stad, Olsøyheia i Rissa, Røst, TrolltindenAndøya og SluskfjelletSørøya. Det norske vêrradarnettet er enno ikkje landsdekkande og ein reknar med at ein treng totalt 12 vêrradarar for å dekke heile landet tilfredsstillande.[1 1]

Nettverk over landegrensene[endre | endre wikiteksten]

Finland og Sverige har høvesvis 7 og 12 vêrradarar, medan Noreg sette sin 8. vêrradar i drift på Stad hausten 2009. [1] Alle desse inngår i vêrradarnettverket NORDRAD som har vore i drift sidan 1994. Ved å kombinere informasjon frå heile nettverket, er det mogeleg å følgje nedbøren over store område. Samarbeidet gjev Noreg høvet til å overvake vêrutviklinga i det meste av Skandinavia. NORDRAD var det første operative, multinasjonale vêrradarnettet i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rommetveit, Astrid (30. oktober 2009). «Ny radar på Stad». yr.no. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]