Vêrskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vêrskipet «Polarfront» i Norskehavet.
Kart som syner plasseringa av alle vêrskipa som var i drift i Nord-Atlanteren.

Eit vêrskip er eit skip som har som føremål å gjere faste meteorologiske observasjonar til havs kvar time, og radiosondeobservasjonar frå høgare luftlag kvar sjette time, i tillegg til oseanografiske og klimagassmålingar. Vêrskipa ligg i fast posisjon. Det har tidlegare vore opptil 13 vêrskip i Nord-Atlanteren, men i dag er det ingen att. Vêrskipa er dyre i drift, og observasjonane frå vêrskipa har vorte erstatta av meteorologiske observasjonar frå bøyar, satellittar og langtrekkande fly. Det er òg observasjonar frå boreriggar og frå mange skip i fart. Vinteren 2006 kravde likevel Noregs Miljøvernforbund at det skulle utplasserast eit vêrskip i Barentshavet, som ein del av oljevernberedskapen utanfor Finnmark.

Det første vêrskipet var den franske lastebåten «Carimare», som fekk utstyr for vêrobservasjonar og vart stasjonert i Nord-Atlanteren i 1938. Det opphavlege formålet med vêrskip var å tryggje flytrafikken over havet. Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO) tok på seg ansvaret med å drive eit internasjonalt vêrskipssamarbeid, som starta opp i 1948. Den norske staten kjøpte og ombygde to engelske korvettar, «Polarfront I» og «Polarfront II», og posisjonerte dei på stasjon MIKE, 66° N og 2° Ø, der dei veksla i tenesta med ein månad kvar. «Polarfront I» var i teneste fram til 1974, medan «Polarfront II» var i teneste til 1976. I 1976 vart dei erstatta av det moderne og spesialkonstruerte vêrskipet MS «Polarfront», som var i drift fram til utgangen av 2009. Stasjonen hadde ein oseanografisk og atmosfærisk datarekke på over 50 år, frå havet ned til 1000 m djupne, frå forholda ved havoverflata og eit stykke opp i stratosfæren. Desse dataa vart rekna som viktige med tanke på overvakinga av mogelege klimaendringar.

Verdas meteorologiorganisasjon overtok ansvaret for vêrskipstenesta i 1974. På det tidspunktet var det igjen fire vêrskipsstasjonar i Nord-Atlanteren. «Polarfront» alternerte i fleire år med det nederlandske vêrskipet «Cumulus» på stasjon MIKE, men sidan 1986 var «Polarfront» åleine på stasjonen. Det internasjonalen vêrskipssamarbeidet vart avvikla i 1990. Noreg og Storbritannia fortsette drifta av kvar sin vêrskipsstasjon, men Storbritannia la ned stasjonen sin LIMT i 1995. Sidan då var «Polarfront» det einaste vêrskipet i verda og det siste som vart avvikla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«værskip» i Store norske leksikon, snl.no.