Vêrteikn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vêrteikn er ulike metodar å føresjå vêret på ved hjelp av teikn i naturen eller almanakken. Vêrteikna oppstod i tida før moderne meteorologi og vêrvarsling via radio og andre media kunne gje folk meldingar om kva vêret kom til å verte dagen etter eller fleire dagar framover.

Vêrteikna vart ofte skildra i form av ordtak eller reglar, som gjerne gjekk i arv og som kunne lyda forskjellig frå stad til stad i landet. Enkelte vêrteikn knyt seg til særskilde plassar, som ein fjelltopp, medan andre vêrteikn knyt seg til korleis dyr (særleg insekt og fuglar) oppfører seg.

Mange av vêrteikna ein kjenner i dag har rot i meteorologiske fenomen, men langt frå alle stemmer. Her til lands har mange vêrteikn rot i at vêrsystema som oftast kjem vestfrå, så ved endringar i til dømes skydekke i vest, kunne ein ofte seie noko om korleis vêret truleg vart det neste døgeret.

Forskjellige fenomen[endre | endre wikiteksten]

Skyer og nedbør[endre | endre wikiteksten]

Ring rundt sola/månen[endre | endre wikiteksten]

I klårvêr kan ein stundom sjå ein ring rundt sola eller månen, ein såkalla halo. Dette kjem av ørsmå iskrystallar høgt oppe i troposfæren som dannar tynne cirrusskyer. Desse bryt lysstrålene frå sola og dannar ein halo. Når ein varmfront nærmar seg eit område vil ein som regel først merke dette i form av desse tynne cirrusskyene. Etter kvart som varmfronten nærmar seg vert skyene lågare og tjukkare, og til slutt er det stor sjanse for nedbør. Dette har gjeve opphav til vêrteikn som «I dag du om sola ser ein stor ring. I morgon du av sola ser ingenting».

Skyer i aust og vest[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange variantar som skildrar sola i forhold til skyene om morgonen og kvelden. Ein har til dømes «når sola går ned i sekk, står ho opp i en bekk» eller «morgen rød gir aften bløt». Begge desse knyt seg til at skysystema vanlegvis trekker inn frå vest, og om sola går «ned i ein sekk», altså at det er skya i vest, så vil skyene truleg trekke inn i løpet av natta, og neste dag er «sola vekk», det har vorte skya. Tilsvarande kan «morgen rød», der sola i aust skin på skyene i vest, vere eit teikn på at skyene i vest vil trekke innover i løpet av dagen og gje regn til kvelden.

Ein har òg det motsette tilfellet der teikn på klårvêr i vest indikerer at det er betre vêr på veg. Ei glipe i skydekke i vest fører til at sola kan skine gjennom og farge skyene raude, og dette har gjeve opphav til vêrteikn som «aften rød gir morgen søt».

Skyer og fjell[endre | endre wikiteksten]

Mange vêrteikn knyt seg til skyer (eller tåke) som legg seg rundt fjelltoppar. Mange teikn på endringar i vêret merkar ein først i høgda, så skyer rundt fjelltoppar tyder på auka fukt i høgda, som igjen kan medføre skyer og nedbør.

Regnboge[endre | endre wikiteksten]

Av vêrteikn knytt til regnbogen finn ein mellom anna at regnboge om kvelden varslar om godvêr. Om kvelden står sola i vest, og som nemnt over er det sjanse for betre vêr når ein har klårvêr i vest. Tilsvarande kan ein regnboge om morgonen tyde på at regnvêret er på veg mot oss frå vest.

Eit anna vêrteikn knytt til regnbogen er at han varslar om ein vêrtype med regnbyer. Ein må nødvendigvis ha regn ein stad og sol som skin på regnet for å få danna ein regnboge. Regnbyer vert danna i cumulusskyer, som kan verte høge og tjukke, men som sjeldan har stor horisontal utstrekking. Derfor vert det klåre område mellom desse skyene som sola kan skine gjennom, og ein kan få sol og regn om ein annan.

Torevêr[endre | endre wikiteksten]

Vêrteikn som knyt seg til at torevêr kan gje vêromslag stemmer ikkje alltid. Ein situasjon der vêrteiknet kan stemme er når ein har hatt ein periode med varmt og fuktig vêr. Når ein kaldfront då fører kaldluft med seg innover dette området kan ein få særs ustabil luft som medfører kraftige regnbyer og ofte torevêr.

Flo og fjøre[endre | endre wikiteksten]

Luftrykket påverkar havnivået med at høgtrykk pressar havoverflata ned, og lågtrykk til at vasstanden vert høgare enn normalt. Som regel vil ein alt ha uvêr samstundes med at ein får ekstra høg flo (stormflod), men stundom kan floa ha vorte uvanleg stor kort tid før uvêret slår til. Tilsvarande vil ein som regel alt ha høgtrykk og fint vêr når fjøra er stor, og såleis vil desse vêrteikna som regel ikkje kunne seie noko om vêret som kjem.

Tåke[endre | endre wikiteksten]

Kva retning tåka seier noko om vindretningen. Om tåka trekker ut mot havet og bort frå land tyder dette på frålandsvind, som ofte medfører fint vêr. Om det motsette er tilfelle vil ein få fuktig luft inn frå havet og kanskje nedbør og vindauke.

Fuglar og dyr[endre | endre wikiteksten]

Fuglar jaktar gjerne på insekt og flyr derfor i høgda der insektene finst. Insekta er ofte vare for endringar i luftfukta, og søker dekning mot tørrare luft, som regel nærare bakken, når luftfukta aukar. Så når fuglane, t.d. svalene, fyk høgt, tyder det på at insekta fyk høgt og at lufta i høgda er tørr. Dette vil ein som regel ha i finvêr. Trekker svalene ned mot bakken tyder det på at ein kan få dårlegare vêr.

Nokre vêrteikn knytte seg til at når husdyra trekte mot fjellet så vart det godt vêr, og trekte dei heimover så vart det dårleg. Dette kan kome av at ein merkar vêrendringar først i høgda, og ikkje nødvendigvis med at husdyr er ekstra vare for vêrendringar. Når vêret vert dårlegare i høgda, kan husdyra trekke nedover mot lågare høgder for å unngå vindauke eller økande fukt (tåke).