Vítězslav Veselý
Vítězslav Veselý | |
Statsborgarskap | Tsjekkia |
Fødd | 27. februar 1983 (40 år) Hodonín |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Friidrett under Sommer-OL 2008 – Spydkast herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Spydkast herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Spydkast menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Spydkast menn |
Utmerkingar |
South Moravian Region Award |
Vítězslav Veselý (fødd 27. februar 1983) er ein tsjekkisk friidrettsutøvar frå Hodonin som tevlar i spydkast. Han vart europameister i øvinga i 2012 i Helsingfors. Åra 2010-12 vart Veselý tsjekkisk meister i spydkast. Sin personlege rekord, 88,34 m, sette han under kvalifiseringa til spydfinalen under sommar-OL 2012.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Veselý markerte seg internasjonalt då han kasta 81,20 meter og sette personleg rekord i kvalifiseringa til OL-finalen i spydkast i Beijing i 2008, men i sjølve finalen vart han sist av dei tolv deltakarane med 76,76 m. Året etter var han langt unna å kvalifisere seg til finalegruppa under verdsmeisterskapen i Berlin.
Han forbetra den personlege rekorden til 86,45 m i eit stemne i Olomouc i mai 2010. Seinare i sesongen vart han nummer ni i EM. Veselý var nær ved å vinne medalje då han gjorde sitt best kast for året 2011 under VM-finalen i Daegu, med 84,11 m mangla han 19 cm på bronsemedaljen.
Tidleg i juni 2012 vann Veselý «Diamond League»-stemnet på Bislett stadion i Oslo, med 88,11 m sette han personleg rekord med det lengste kastet i verda så langt i sesongen. Han imponerte ikkje i kvalifiseringa til EM-finalen, hadde berre det tiande lengste kastet. Etter eit mislukka fyrstekast i finalen fekk han i andre omgang til eit kast som målte 83,72 m, nok til å sikre seg EM-tittelen. Derimot imponerte han stort i kvalfiseringa til OL-finalen i London i byrjinga av august, der han med 88,34 m presterte årsbeste i verda. I sjølve finalen sleit han, men klarte til sist 83,34 m, noko som gav han ein fjerdeplass i tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 2008 i Beijing: Nr 12 – 76,76 m
- VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (75,76 m)
- EM 2010 i Barcelona: Nr 9 – 77,83 m
- VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 84,11 m
- EM 2012 i Helsingfors: Gullmedalje – 83,72 m, 49 cm framom Valerij Iordan frå Russland
- OL 2012 i London: Nr 4 – 83,34 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Vítězslav Veselý» frå Wikipedia på tysk, den 1. september 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Vítězslav Veselý» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2012.
- «Vítězslav Veselý» (på engelsk). Olympedia. Henta 17. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1983
- Tsjekkiske spydkastarar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Europameistrar i friidrett
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkia
- Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020