Hopp til innhald

Vítor Baía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vítor Baía


Statsborgarskap Portugal
Fødd 15. oktober 1969 (54 år)
São Pedro da Afurada
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2002, EM i fotball 1996, EM i fotball 2000

Utmerkingar

offiser av Infante Dom Henriks orden

Vítor Manuel Martins Baía (fødd 15. oktober 1969) er ein portugisisk tidlegare fotballspelar. Han var med om å vinne to UEFA-turneringar og 14 nasjonale serie- og cupmeisterskap for FC Porto, samt ei UEFA-turnering og den spanske cupmeisterskapen for FC Barcelona. Baía var målvakt.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Baía var FC Porto si målvakt frå seinhaustes 1988 til han i 1996 vart overført til FC Barcelona. I den spanske storklubben hamna han i 1997 på reservebenken. Sommaren 1998 vende han difor tilbake til Porto, der han gjorde teneste til han la opp i 2007.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå debuten i desember 1990 til september 2002 vakta Baía det portugisiske landslags-målburet i 80 kampar. Han deltok i to europameisterskap og Fotball-VM 2002.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-meisterligaen: 2004 for FC Porto
  • Vinnar av UEFA-cupen: 2003 for FC Porto
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1997 for FC Barcelona
  • Seriemeister i Portugal: 1990, 1992, 1993, 1995, 1996, 1999, 2003, 2004, 2006 for FC Porto (9)
  • Cupmeister i Portugal: 1991, 1994, 2000, 2003, 2006 for FC Porto (5)
  • Cupmeister i Spania: 1997 for FC Barcelona

Baía vart kåra til årets fotballspelar i Portugal i 1989 og 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

[[Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996}}