Võhanduelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Võhandu
elv
Räpina järv (Võhandu jõgi).JPG
Land Flag of Estonia.svg Estland
Nedslagsfelt 1 420 km²
Lengd 162 km
Kjelde ved Saverna
Munning Peipus
Wikimedia Commons: Võhandu River

Võhandu (estisk Võhandu jõgi) er den lengste elva i Estland med ei lengd på 162 km. Ho har eit nedslagsfelt på 1420 km².

Võhandu spring ut nær landsbyen Saverna (Valgjärve kommune) og renn nær landsbyen Võõpsu (Mikitamäe kommune) i innsjøen Lämmijärv. Oppfor innsjøen vert elva òg kalla Vagula og Pühajõgi («Den heilage elva»). Den nedre delen av elva vert stundom kalla Voo. Võhandu er farbar frå innsjøen Peipus og opp til Võõpsu.

Av sideelvar til Võhandu finn ein Mügra, Kokle, Sillaotsa, Kärgula, Jaska, Rõuge, Koreli, Iskna, Palumõisa, Pahtpää, Mädajõgi og Varesmäe, linkerseits Parisoo, Karioja, Viluste og Toolamaa.

Sidan 1963 har Võhandudalen vore eit verna område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]