Vøienvolden gård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vøienvolden gard)

59°56′03″N 10°45′18″E / 59.93417°N 10.75500°E / 59.93417; 10.75500

Hovudbygningen på Vøienvolden fotografert frå sør
Foto: Helge Høifødt
Vøienvoldens hovudbygning i 1916, før ombygging ved Magnus Poulsson i 1917.
Foto: Halfdan Møller, Oslo Museum

Vøienvolden gård i Maridalsveien 120 på Sagene i Oslo er det løkkeanlegget (gardsbruket) i byen som er mest komplett og best teke vare på, med bygningar frå seint på 1700-talet og tidleg på 1800-talet, dels med tilbygg frå 1900-talet, og med ein eigedom på nesten åtte mål. Gardsbygningane ligg i firkant rundt tunet, med tilkomst gjennom ei gjennomkøyring i den lange løebygningen mot nord. Både bygningane og den firkanta forma på tunet skriv seg i hovudsak frå slutten av 1700-talet; eit kart frå 1795 syner løe, hovudhus og bryggerhus. Stabburet, ein potetkjellar og ei smie kom til på 1800-talet. Ikring bygningane er det ein hage med fleire sers gamle og høge tre.

Garden, som vart freda i 1941, ligg fritt til på ei høgde med utsyn mot sør. I grannelaget ligg det eldre trehus og dessutan bustadblokker i mur frå 1900-talet.

Opphavleg var Vøienvolden ei løkke i den luten av Bymarka som var skilt ut frå Vøyen gård i Aker. Ved eit kongeleg brev i 1629 vart fem gardar avsett til bymark for borgarane i byen, det vil seie beitemark og løkker til korndyrking, for byen hadde ikkje hatt bymark etter at kong Christian IV flytta Oslo i 1624 og kalla han for Christiania. I 1683 gav magistraten løyve til at «et stykke eng på byens mark», Vøienvolden med 47-48 mål jord, vart overdrege til rådmann Johan Pettersen Bergmand. Løkka vart ikkje bunde til ein eigedom i sjølve byen, som elles var det vanlege. I 1708 var Vøienvolden selt på auksjon til kjøpmann Wilhelm Cornix, som gjorde store utbetringar, bygde nye hus og laga til hage med dammar og inngjerding. Etter at han døydde i 1721, vart løkka ein vanleg bondegard.

Eigar av Vøienvolden er Fortidsminneforeningen, som driv garden som eit museum og senter for bygningsvern, og dessutan leigar ut kontor i bygningane. Oslo- og Akerhusavdelinga av Fortidsminneforeningen har òg kontor her.

Garden vart gjeve til Fortidsminneforeningen i 1954 for å verte eit «østkantens museum» i samsvar med testamentet til den dåverande eigaren, fabrikkeigar Sverre Udnæs og enka etter han, Ingrid. Det fylgde med ein grunnkapital for å trygge drifta av museet, og dessutan nokre møbel. Før garden vart opna for ålmenta som museum i 1960, vart det gjort ymse restaureringsarbeid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]