Hopp til innhald

Věra Pospíšilová-Cechlová

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Věra Pospíšilová-Cechlová


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 19. november 1978 (46 år)
Litoměřice
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Věra Pospíšilová-Cechlová (fødd 19. november 1978) er ein tsjekkisk tidlegare diskoskastar frå Litoměřice som vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 2004 så vel som VM 2005.

Pospíšilová vart nummer 6 ved VM 2001 i Edmonton, nummer 4 ved EM 2002 i München og nummer 5 ved VM 2003 i Paris/Saint-Denis. Før verdsmeisterskapen i Paris fekk ho den 6. juli i greske Réthymno opp sitt livs beste diskoskast, eit kast målt til 67,71 meter.

Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 tok Pospíšilová-Cechlová bronsemedaljen med eit bestekast på 66,08 meter. Året etter sikra ho seg ein ny bronsemedalje då verdsmeisterskapen 2005 fann stad i Helsinki, Franka Dietzsch frå Tyskland vann då øvinga og olympiameisteren Natalja Sadova tok sølv. Sidan den gongen var femteplassen i Beijing-OL 2008 Pospíšilová-Cechlovás beste plassering i ein stor internasjonal meisterskap.

Věra Pospíšilová-Cechlová er gift med brytaren Jakub Cechl.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]