VA-111 Sjkval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein Shkval torpedo.

VA-111 Sjkval (frå russisk шквал – «vindkast»/«vindstøyt» ) er ein russisk type superkavitasjonstorpedoar kjenneteikna av ekstrem fart. Dei kan koma opp i minst 200 knop, (370 km/timen) enkelte kjelder hevdar 250, men sanninga er i alle fall at dei er særs snøgge. Torpedoane er utvikla av den russiske marinen, og vart påbyrja rundt 1960.

Design og eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Tuppen på ein Sjkval-torpedo (eksportvariant).
Rakettmotoren på ein Sjkval-torpedo (eksportvariant). Merk styrefinnane, som er trekte inn i kroppen (kan sjåast som ein sølvgrå tupp som stikk litt ut.)

Utviklinga av våpenet byrja i 1960-åra, då det russiske forskingsinstituttet NII-24 fekk i oppdrag å produsera ein torpedo som kunne nedkjempa atomubåtar. I 1969 vart eit anna institutt, GSKB-47, slege saman med NII-24, og danna eit institutt for hydrodynamikk i Kiev. «Institutt for anvend hydrodynamikk» utvikla så torpedoen Sjkval ut frå felles kunnskapar og resultat.

Torpedoen vart teken i bruk i 1990-åra, sjølv om han hadde vore funksjonell og til dels ferdig ei tid før det. Sjkval er designa som eit våpen som skal uskadeleggjera fiendtlege torpedoar sende mot eigen ubåt, men kan òg sendast mot andre ubåtar, slik at desse vert nøydde til å avbryta eit eventuelt angrep.

Den ekstreme farten til torpedoen er eit resultat av superkavitasjon: Torpedoen flyt praktisk tala i ei gassboble skapt av deflektert vatn, som er eit resultat av ein spesiell spiss tupp i torpedoen. Ved å hindra vatnet å koma direkte i kontakt med kroppen til torpedoen, minkar motstanden frå vatnet mykje, og farten aukar tilsvarande. Ein kan soleis kalla Sjkval for eit undervassmissil.

Framdrifta til torpedoen er ein rakettmotor som vert tend etter at torpedoen er skoten ut frå torpedorøyret med ein fart på 50 knop. Rakettmotoren skyv torpedoen opp til snøggleik på 200 knop (nokre stadar seier 250 knop), og sjølv om torpedoane opphavleg berre hadde gyroskop som styring, held ein på å utvikla ein sjølvsøkjande versjon.

Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst minst tre versjonar:

  • VA-111 Sjkval – Original variant, truleg utan noka form for styring.
  • «Sjkval 2» – 2010-variant; truleg styrbar, antakeleg ved hjelp av styring av sjølve rakettflammen. Mykje større rekkjevidde.
  • Ein «lettvektversjon», eksportert til marinane i fleire land.

Stridshovuda er antakeleg berre konvensjonelt sprengstoff, sjølv om det har vore spekulert i om det er høve for atomstridshovud.

  • Lengd: 8 m
  • Diameter: 533 mm
  • Vekt: 2700 kg
  • Stridhovud, vekt: 210 kg
  • Fart:
    • Utskytningshastighet: 50 knop (93 km/h)
    • Maksimal fart: 200 knop (370 km/h)
  • Rekkjevidde: Rundt 7000 m til 13 000 meter (ny versjon)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]