VGA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein VGA-kontakt (han)

VGA (Video Graphics Array) er ein grafikkstandard for datamaskinar som først vart marknadsført av IBM i 1987. VGA inngår i ein familie saman med tidegare grafikkstandardar som han til stor del er bakoverkompatibel med. VGA er ei forbetring av føregjengarane EGA (Enhanced Graphics Adapter) og CGA (Color Graphics Adapter). SVGA (SuperVGA) er ei utviding av VGA, og er ein standard frå VESA i staden for IBM.

I daglegtale har det vorte vanleg å bruke nemninga VGA for anten den analoge grafikkstandarden, den 15-pinners skjermpluggen eller skjermkabelen, eller rett og slett sjølve oppløysninga 640x480. Denne oppløysninga er den minste fellesnemnaren som er støtta av stort sett alle dagens grafikkort, skjermar og operativsystem. Det vil seie at bilete kan visast på skjermen før datamaskinen blir konfigurert med drivarar til skjermkortet. VGA-oppløysninga har også vorte populær på mobile einingar.

VGA har ”array” i staden for ”adapter” i namnet av di maskinvara til å begynne med bestod av ein gate array-krins. Som det meste av maskinvara frå IBM, vart også VGA kopiert av andre fabrikantar, og dette har medverka til å gjere han til ein universell standard.

Innan 2015 vil dei fleste større produsentane av skjermkort fase ut VGA og DVI som tilkoplingsport til PC skjermar, TVar, prosjektorar, og satsar vidare på nyare digitale tilkoplingar som HDMI og DisplayPort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]