VK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå VKontakte)
Logoen til nettstaden

VK, tidlegare kjent som VKontakte (russisk Вконтакте) er eit russisk nettsamfunn som har oppnådd stor popularitet i den russiskspråklege delen av verda. Her kan brukarar registrera seg med namn, bilete, interesser og annan informasjon. Nettstaden blei lansert av Pavel Durov i 2006 og hadde i 2013 over 200 millionar brukarkontoar og eit gjennomsnitt på rundt 45 millionar daglege vitjande.[1]

VK blei raskt populært i den russiskspråklige delen av verda og allereie i 2007 passerte dei ein millionar brukarkontoar. I februar 2013 passerte nettstaden 200 millionar brukarkontoar og hadde eit gjennomsnitt på 45 millionar vitjande.[2][1] Ahn var i april 2013 det nest meste vitja nettstaden i Russland og låg på 24. plass dei mest vitja nettstadane i verda.[3] VK er av enkelte blitt omtalt som «den russiske varianten av Facebook».[4]

I 2011 flytta nettstaden frå eit russisk til eit internasjonalt domene, og endra samtidig namn frå VKontakte til VK.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Liveinternet - Statistikk for VK (31.3.2013)
  2. VK brukerkontoer (arkivert versjon fra februar 2013)
  3. Alexa ranking (april 2013), arkivert frå originalen 28. juli 2013, henta 21. august 2021 
  4. Aftenposten - Nå vil titusener trosse Putin (8.12.2011) «Mandagens demonstrasjon ble preget av et av de største oppmøtene på flere år, anslått til mellom 5000 og 15000. Det tilskrives i stor grad bruk av sosiale medier som Facebook, Twitter og Vkontakte, den russiske varianten av Facebook»
  5. Russlands stemme - Vkontakte begynner å sende personlige meldinger (28.7.2011)[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: VK