VM-finalen i fotball 2002

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nissan stadion i Yokohama

Finalen i verdsmeisterskapen i fotball 2002 fann stad på Nissan stadion i Yokohama sundag 30. juni 2002 framfor 69 029 tilskodarar. Brasil vann kampen med 2-0 mot finalemotstandar Tyskland og vart slik verdsmeister i fotball for femte gong. Begge landa tok del i sin sjuande VM-finale.

Brasil tok leiinga i det 67. minutt etter Ronaldo takla ballen frå Dietmar Hamann midt på Tysklands banehalvdel. Ronaldo sentra til Rivaldo som klemde til med eit lågt skot målvakta Oliver Kahn gav retur på og som Ronaldo fanga opp og frå femmeterstreken putta i målvaktas venstre hjørne. Tolv minuttar seinare la Brasil på til 2-0 då José Kléberson forserte opp frå midtlinja før han la inn i retning Rivaldo, som let ballen passere under seg og vidare til Ronaldo. Han tok mot ballen og drog seg fri ein tysk forsvarar før han plasserte skotet frå 18 meter nede i det same hjørnet som 1-0-skåringa.

Brasil sitt meisterlag omfatta: Marcos Silveira Reis, Lúcio, Edmílson Gomes Moraes, Roque Júnior, Cafu, Gilberto Silva, José Kléberson, Roberto Carlos, Rivaldo, Ronaldo og Ronaldinho. Juninho Paulista kom innpå fem minuttar før slutt og Denílson de Oliveira i sluttsekunda, ut gjekk høvesvis Rivaldo og Ronaldo.

Tysklands mannskap: Oliver Kahn, Thomas Linke, Carsten Ramelow, Christoph Metzelder, Torsten Frings, Dietmar Hamann, Jens Jeremies, Marco Bode, Bernd Schneider, Miroslav Klose og Oliver Neuville. Frå det 74. til det 84. minutt fekk etter tur Oliver Bierhoff, Gerald Asamoah og Christian Ziege sleppe til, ut forsvann i rekkefølgje Klose, Jeremies, Bode.

Pierluigi Collina frå Italia var kampleiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]