VM i skiskyting 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i skiskyting 1984 var den fyrste med kvinner på startstreken. Meisterskapen vart arrangert i tida frå 29. februar til 4. mars 1984 i Chamonix i Frankrike, og bestod av to individuelle øvingar over høvesvis 5 og 10 km, samt 3 x 5 km stafett. Ettersom dei mannlege skiskyttarane deltok i Vinter-OL 1984 i Sarajevo, var det ikkje nokon verdsmeisterskap for menn.

Dei 35 deltakarane kom frå 12 land; Austerrike, Australia, Bulgaria, Canada, Finland, Frankrike, Noreg, Sovjetunionen, Sverige, Tsjekkoslovakia, Ungarn og USA. Dei fem norske påmelde; Siv Bråten, Sanna Grønlid, Ingeborg Krokstad, Mette Mestad og Gry Østvik, deltok i begge dei individuelle øvingane. Venera Tsjernysjova frå Sovjetunionen vann gull i alle tre tevlingane.

5 km sprint[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid Bomskot
1 Venera Tsjernysjova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 23.00,1 1+2
2 Sanna Grønlid Flag of Norway.svg Noreg 23.35,0 0+1
3 Andrea Grossegger Flag of Austria.svg Austerrike 23.39,5 0+2
4 Ludmila Zabolotnaja Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 24.06,0 0+3
5 Gry Østvik Flag of Norway.svg Noreg 24.15,7 1+1
6 Siv Bråten Flag of Norway.svg Noreg 24.28,2 0+0
7 Kaija Parve Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 24.30,1 3+2
8 Mette Mestad Flag of Norway.svg Noreg 24.30,9 1+1

Dato: 3. mars

10 km[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid Bomskot
1 Venera Tsjernysjova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 44.21,7 2+2+0
2 Ludmila Zabolotnaja Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 44.30,9 0+2+1
3 Tatjana Brylina Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 44.50,0 2+1+1
4 Kaija Parve Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 44.52,3 0+3+1
5 Kari Swenson Flag of the United States.svg USA 45.49,6 0+1+0
6 Siv Bråten Flag of Norway.svg Noreg 45.50,1 0+2+0
7 Sanna Grønlid Flag of Norway.svg Noreg 46.48,6 1+2+1

Dato: 29. februar

3 x 5 km stafett[endre | endre wikiteksten]

Plass Land Utøvarar Tid Bomskot
1 Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen Ludmila Zabolotnaja
Kaija Parve
Venera Tsjernysjova
1.03.26,0 9
2 Flag of Norway.svg Noreg Gry Østvik
Siv Bråten
Sanna Grønlid
+ 2.56,0 10
3 Flag of the United States.svg USA Julie Newnam
Kari Swenson
Holly Beaty
+ 3.44,6 8
4 Flag of Finland.svg Finland Aino Kallunki
Tuula Ylinen
Aila Flyktman
+ 3.44,9 8

Dato: 4. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]