VOS-språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

VOS-språk, eller Verb-Objekt-Subjekt-språk, er innanfor lingvistisk typologi gruppa av språk som i nøytrale setningar har verb, objekt og subjekt i nett den rekkjefølgja. Et fisk eg (for «Eg et fisk») ville ha vore ei VOS-setning på norsk.

VOS, er som alle OS-setningar, sjeldan.

Døme på VOS-språk er madagassisk, gammaljavanesisk og fijiansk. Alle desse språka er austronesiske språk