Vade-, måse- og alkefuglar
Utsjånad
(Omdirigert frå Vade-, måke- og alkefuglar)
Vade-, måse- og alkefuglar | |
Svarthalespove Limosa limosa | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Infraorden: | Vade-, måse- og alkefuglar Tetanurae Huxley, 1867 |
Vade-, måse- og alkefuglar (Charadriiformes) er ein mangfaldig biologisk orden av små til mellomstore fugleartar. Gruppa inneheld meir enn 370 artar og har medlemmer i alle delar av verda. Dei er mest talrike i nærleiken av vatn og et virvellause dyr eller andre smådyr, men somme er pelagiske, andre lever i ørkenar og nokre få finst i tjukke skogen.
Oversyn av familiar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1]
- Springvaktelfamilien, Turnicidae
- 17 artar på varmt grasland i Asia, Afrika og Australia, dei er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge. Afrika, Asia og Australia.
- Trielfamilien, Burhinidae
- Ti artar er spreidd i den tempererte sona verda rundt, føretrekkjer tørre eller halvtørre område. Av desse er arten triel eurasisk og ein tilfeldig vitjar i Noreg.
- Slirenebbfamilien, Chionididae
- To artar knytt til Antarktis: antarktisslirenebb på fastlandet og på øyar i subantarktisk del av Sør-Atlanteren, maskeslirenebb er ein subarktisk øyart med leveområde i sørlege del av Indiahavet.
- Gulpesnipefamilien, Pluvianellidae
- Gulpesnipa lever lengst sør i Sør-Amerika, liknar steinvendar i utsjånad og oppførsel.
- Tjeldfamilien, Haematopodidae
- Samlar 11 artar langs alle kystar i verda med unntak av tropisk Afrika og Søraust-Asia. Den eurasiske tjeld er vanleg i Noreg.
- Ibisnebbfamilien, Ibidorhynchidae
- Avosettfamilien, Recurvirostridae
- Familien med ti artar av avosettar og stylteløparar finst spreidd på alle kontinent unntatt Antarktisk. Karakteristisk er lange bein. Stylteløpar er ein sjeldan gjest i Noreg, avosett var tidlegare tilveldig hekkefugl på Jæren.
- Lofamilien, Charadriidae
- 67 artar av loar og viper lever verda rundt helst nær vatn. Av desse er vipe og sandlo vanlege i Noreg.
- Krokodillevaktar, Pluvianidae: Ein vadefugl med leveområde i tropisk Afrika sør for Sahara som hekkar på sandbankar av store elver.
- Riksesnipefamilien, Rostratulidae
- Tre artar med habitat i våtmark: rikssnipe i Afrika, India og Søraust-asia, australrikssnipe er ein sjeldan, trua art i Australia, og dvergrikssnipe i Sør-Amerika.
- Bladhønsfamilien, Jacanidae
- Dei åtte artane er spreidd i temperert sone over heile verda. Dei har lange tær og kan gå på flytande vegetasjon.
- Slettevandrarfamilien, Pedionomidae
- Slettevandrar er endemisk for Australia som liknar på vaktel i utsjånad.
- Rypesnipefamilien, Thinocoridae
- Snipefamilien, Scolopacidae
- Den mest talrike familien på artar i ordenen med over 90 artar spreidd verda rundt.
- Krabbeetarfamilien, Dromadidae
- Krabbeetaren liknar loar, men har lange bein. Leveområdet er rundt Indiahavet, rundt Raudehavet og Persiabukta sør til og med Madagaskar.
- Brakksvalefamilien, Glareolidae
- 9 artar ørkenløparar og 8 artar brakksvaler i tempererte område av Europa,
- Måsefamilien, Laridae
- Jofamilien, Stercorariidae
- Sju artar i arktiske og antarktiske strøk, fire av dei finst i Noreg eller ved kysten: storjo, polarjo, tjuvjo og fjelljo. Dei andre artane er kaneljo, sørjo, og sørhavsjo, alle tre hekkar på den sørlege halvkule. Dei er gode flygarar, og har ofte fleire fargevariantar, morfar.
- Alkefamilien, Alcidae
- 24 artar av særs gode symjarar og dukkarar, lever i kjølige nordlege farvatn. Seks artar i Noreg.
-
Triel, Burhinus oedicnemus
-
Antarktisslirenebb, Chionis albus
-
Kronvipe, Vanellus coronatus
-
Gulpesnipe, Pluvianellus socialis
-
Amerikasvarttjeld, Haematopus bachmani
-
Ibisnebb, Ibidorhyncha struthersii
-
Slettevandrar, Pedionomus torquatus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen Charadriiformes på engelsk Wikipedia med underartiklar om familiar
- Artikkel om Ismåse hos Norsk Polarinstitutt
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Buttonquail,..». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023.