Vadehavet nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vadehavet sett frå Rømødæmningen
Foto: Malene Thyssen

Vadehavet nasjonalpark er ein dansk nasjonalpark stifta 17. januar 2008 og innvia 16. oktober 2010 som den tredje nasjonalparken i landet.[1]

Nasjonalparken omfattar den danske delen av Vadehavet frå Ho Bugt til den tyske grensa, og er samansett av øyene Fanø, Mandø og Rømø, samt Skallingen, Varde Ådal og fleire av dei inndika marskareala Tjæreborgmarsken, Ribemarsken, Margrethekogen og De ydre diger i Tøndermarsken. Parken dekkjer eit område på kring 9 000 km2.[2]

Vadehavet har mykje å seia internasjonalt som rasteplass for millionar av trekkfuglar, og ein reknar med at meir enn 10 millionar individ passerer Vadehavet to gonger kvart år. Vadehavet er òg viktig for ynglefuglar, fisk og havpattedyr, og er levestad for meir enn 500 artar av plantar og dyr, fleire av desse finst ikkje andre plassar i verda.[2]

Den danske delen av Vadehavet vart teke med på lista over verdsarv av UNESCO i 2014.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sådan blev Nationalpark Vadehavet til frå Nationalpark Vadehavet (Vitja 10. august 2014)
  2. 2,0 2,1 Naturen i nationalparken frå Nationalpark Vadehavet (Vitja 10. august 2014)
  3. Wadden Sea frå UNESCO (Vitja 10. august 2014)