Vadmyra Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vadmyra Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Vadmyra i Bergen kommune, stifta 10. oktober 1972. Laget, som har i kring 700 medlemer er aktivt med i fotball, futsal, handball og turn. Vadmyra spelar i heilblå drakter.

Vadmyra IL har særleg utmerkt seg i den vesle idretten futsal, der laget vart nummer tre i serien i 2012.

Handballspelaren Isabel Blanco og fotballspelaren Erik Huseklepp var begge i ungdomen aktive i Vadmyra IL.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]