Vadsø kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vadsø kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vadsø
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Varanger
Sokn Vadsø
Fellesråd Vadsø
Type Langkyrkje
Arkitekt Magnus Poulsson
Material Betong
Innvigd 30. mars 1958
 - Endringar Restaurert utvendig sommaren 2005
Sitjeplassar 480[1]
Kart
Vadsø kyrkje
70°04′33″N 29°45′01″E / 70.07586°N 29.75017°E / 70.07586; 29.75017
Wikimedia Commons: Vadsø kirke

Vadsø kyrkje er ei langkyrkje frå 1958 som står på ei høgd i Vadsø by i Vadsø kommune i Finnmark. Kyrkja var bygd i betong i åra 1954-1958 og artikekten for bygget var Magnus Poulsson, som òg var ein av hovudarkitektane for Oslo rådhus.

Vadsø kyrkje is located in Finnmark
Plasseringa til Vadsø kyrkje

Kyrkja er soknekyrkje i Vadsø kyrkjesokn i Varanger prosti.

Kyrkja står i same området som den førre Vadsø-kyrkja, men er orientert nord-sør. Vend mot byen har kyrkja har ein høg og mektig front med to tårn med ein gavl over. Under gavlen er eit høgt gyldt spir. Spiret står over hovudinngangen til kyrkja, og mellom døra og spiret står ein skulptur av apostelen Peter. Skulpturen er laga av Tone Thiis Schjetne. Utvendig er kyrkja elles dekorert med relieff i fasadebetongen. På sidene av tårna er det store ur.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Innvendig vert merksemda drege mot alterveggen som er dekorert med måleri laga av Gretha Thiis. Midtpunktet i måleriet er ein tronande Kristus i ei mandelforma ramme. Kristus-framstillinga kan minne om den ein kjenner frå bysantiske mosaikkar. Kring korbogen som omkransar Kristus-biletet strålar ein nordljosboge i modernistisk formspråk. Måleriet fortset i glimt frå korbogen utover den boga takhimlinga som er bygd i tre. Ned frå taket over midtgangen heng ein modell av ein nordlandsbåt. I koret er det glasmåleri laga av Ragna Thiis Helland.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Døypefonten er i kleberstein. Dåpsmugga er ein av dei få tinga som vart berga ut or gamlekyrkja då ho brann ned i 1944. Ho er i sylv og frå 1929. Preikestolen er sekskanta. Midfeltet er dekorert med ei ørn. Over preikestolen er det ein baldakin der det står «Soli Deo gloria» og to utskorne englar som held eit Haakon VII-monogram.

Eldre kyrkjer i Vadsø[endre | endre wikiteksten]

Gamlekyrkja som vart øydelagd hausten 1944. Ho var bygd i 1861 og teikna av Chr. H. Grosch.

Fyrste kyrkja i Vadsø vart reist i 1575. Ho stod på Vadsøya der busetjinga då låg. Då den neste kyrkja skulle byggjast i 1710 vart det på fastlandet. Den tredje kyrkja vart reist i 1861. Dette var ei krosskyrkje bygd i tre med stutte sidearmar. Ho var teikna av Christian Heinrich Grosch, og stod til natta mellom 28. og 29. oktober 1944 då ho vart lagd i grus som fylgje av krigshandlingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Vadsø kirke, Vadsø», s. 84

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]