Vagabond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå dansebandet Vagabond.
Karrikatur av ein vagabond, alltid fattig, fri, glad og sutalaus.

Vagabond (frå fransk med opphav i latin: vagari, som tyder å 'streife omkring') er ifølgje definisjonen[1] det same som ein omstreifar, ein landstrykar, ein fant, altså ein person som støtt og stendig reiser ikring meir eller mindre på lukke og fromme, utan fast arbeid eller nokon fast stad å bu. Ein vagabond overnatter ofte utandørs, skaffar seg mat, klede, pengar og mellombels husvære meir eller mindre tilfeldig, kan hende ikkje alltid fullt og heilt i samsvar med lover og reglar.

I mange høve vert truleg nemninga vagabond nytta på norsk om ein person som gjev seg ut for å fare ikring som ein slags fattig og sutalaus eventyrar som vil sjå verda, medan nemningar som omstreifar, landstrykar, fant og liknande nok helst vert nytta om folk som ofte vert sett ned på, og i mange høve mistenkt for ikkje alltid å ha reint mjøl i posen på si ferd.

I si mest kjende karakterframstilling spela skodspelaren Charlie Chaplin ein vagabond. Ein berømt «vagabond» i det øvre sosiale sjiktet er matematikaren Paul Erdős.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]