Vajgatsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vajgatsj
øy
Land  Russland
Areal 3 329 km²
Folketal 100
Kart
Vajgatsj
70°1′0″ N 59°33′0″ E
Wikimedia Commons: Vaygach
Vajgatsj og Novaja Zemlja.

Vajgatsj (russisk Вайга́ч) er ei øy i Novaja Zemlja mellom Petsjorahavet og Karahavet i Russland.

Vajgatsj er skild frå Jugorskijhalvøya på fastlandet av Jugorskijsundet og frå resten av Novaja Zemlja av Karasundet. Øya er ein del av Nenetsia autonome okrug i Arkhangelsk oblast i Russland.

Ho har eit areal på 3383 km² og er om lag 100 km brei og opp mot 45 km brei. Det høgaste punktet på øya er 170 meter over havet. Middeltemperaturen er −20 °С i februar og +5 °С i juni.

Vajgatsj består hovudsakleg av leirskifer, sandstein og kalkstein. Det er mange elvar (20–40 km lange), myrområde og små innsjøar på øya. Det meste av ho består av tundra. Ein låg rygg går langs heile øya og langs kysten finn ein låge klipper enkelte stader. Fjella på Vajgatsj er glattskurte av is, men truleg var dette havis og ikkje isbrear. Det finst to busetnader på Vajgatsj, Dolgaja Guba og Varnek.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Gras, mose og arktiske blomar er det mykje av, men det er ingen tre bortsett frå eit og anna dvergpiletre. Stundom kan ein sjå rev og lemen. Det er ikkje mange pattedyr på øya, men særs mykje fugl.

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

I 2007 godkjende World Wide Fund for Nature (WWF) og den russiske regjeringa eit naturreservat på Vajgatsj.[1] I havet omkring øya finn ein sjødyr som kvalross, sel og utryddingstruga kval.

Etnografi[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya kjem frå nenetsane og tyder «kyst». Fram til 1800-talet var øya ein heilag stad for folket i Nenetsia. Det fanst treidol måla med blod frå heilage dyr, hovudsakleg reinsdyr. Nokre av offerhaugane deira, som bestod av drivved, reinsdyrhorn og skallar frå bjørn og reinsdyr har vorte observert av reisande på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. World Wildlife Fund (6. juli 2007). «New Nature Reserve For The Russisk Arctic». ScienceDaily. Henta 29. april 2008. 

Koordinatar: 69°59′49″N 59°34′44″E