Vajiralongkorn
Maha Vajiralongkorn Bodindradebayavarangkun (fødd 28. juli 1952) er konge av Thailand. Han er son av avdøde kong Bhumibol Adulyadej og dronning Sirikit. Etter at faren døydde 13. oktober 2016 bad kronprinsen om at overtakinga hans av trona skulle utsetjast, fordi han trong tid for å førebu seg på å bli proklamert som ny konge, ifølgje statsministeren og sjefen i Thailand for militærdiktaturet, Prayut Chan-o-cha.[1] Han aksepterte invitasjonen til å bli konge 1. desember 2016 som Rama X.[2]
Frykt som strategi
[endre | endre wikiteksten]Vajiralongkorn er er ein frykta konge i Thailand. Sidan før han vart konge har han nytta frykt som strategi for å omorganisere makt og kontrollere undersåttane sine. Etter at han overtok trona har han, ifølgje professor i antropologi og forfattar Claudio Sopranzetti, sett styring med frykt i system. Demokratiaktivist Panusaya Sithijirawattanakul skapte historie då ho las opp offentleg eit dokument med ti krav for å redusere Vajiralongkorns makt, og uttalte til BBC at «det var ei frykt som lurte inni meg, ei djup frykt for konsekvensane».[3]
Som prins vart han, ifølgje journalist Andrew Macgregor Marshall, jamleg sett saman med rike «sterke menn» som tente seg rike på ei samansveising av kriminalitet, politikk og forretningar. Thailandere byrja derfor å kalle han for «Sia-O», ein kombinasjon av ordet for thai-kinesisk gangster og den sjette stavinga i den kongelege tittelen hans. Den thailandske eliten frykta også at han kom til å bli ein farleg og useriøs monark som kunne velte arva rikdom og makt for dei av dei som var uheldige nok til å gjere han sint. Dei var dessutan rasande på vanen hans med å drive rov på døtrene deira. Han var berykta for kalle inn attraktive unge kvinner frå familiar med svært høg sosial status til slottet, noko som gjorde at mange slike familiar sende døtrene sine til utdanning i utlandet for å sleppe unna merksemda hans. I kva grad det skjedde er uklart.[4]
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha gått på skulen til slottet i Bangkok, reiste han då han var 13 år gammal til Storbritannia for å gå King’s Mead School i Seaford i East Sussex. Deretter studerte han ved Royal Military College i Duntroon i Australia, der han avslutta i 1975.[5]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Han er det nesteldste barnet (og eldste son) av Bhumibol Adulayadej og Sirikit. Han vart utnemnd til kronprins i 1972.[6]
Han vart gift med kusina si Luang Somsawalee Kityakara i 1977 og er med henne far til prinsesse Bajrakitiyabha (fødd 1978). Forholdet deira kjølna, og han var kjæraste med skodespelaren Yuvadhida Polpraserth frå slutten av 1970-åra. Med henne har han fire søner og ei dotter. Han vart skild frå den første kona si i 1993, etter at ho hadde nekta skilsmisse i lang tid.
Han gifta seg med Yuvadhida Polpraserth i 1994. Han skilde seg frå henne i 1996, og gifta seg i 2001 med Srirasmi Suwadee.[7] I 2014 fråtok han henne alle kongelege titlar og bannlyste henne frå slottet.[7] Saman med henne har ein son, Dipangkorn Rasmijoti (fødd 2005).[8] I mai 2019 gifta han seg med Suthida Vajiralongkorn.[9]
Prinsessegemalinne, elskarinner og hund med militær grad
[endre | endre wikiteksten]Frå 2010 sirkulerte det ein video på nett der han feira bursdagen til dåverande prinsessegemalinne Srirasmi i 2001 (I media er det ofte feilrapportert at dette var ei feiring av bursdagen til hunden Fufu.[10]). I videoen kan ein sjå ein kakeetande Srirasmi topplaus og liggjande på golvet.[11][12] USAs tidlegare ambassadør til Thailand, Ralph L. Boyce, stadfesta at hunden hadde vorte tildelt grada luftsjefsmarskalk, ein høgare rang i det thailandske flyvåpeetn.[13]
Vajiralongkorn budde tidlegare for det meste i Tyskland, og det sirkulerte ein video av han som 64-åring vandrande rundt i eit kjøpesenter i München med elskarinna si. Han var iført jeans og magetopp, og på magen hadde han mellombelse tatoveringar.[14]
Protestar
[endre | endre wikiteksten]Under demonstrasjonane i 2020 sette demonstrantar også spørsmålsteikn ved rolla til kongen. Han budde stort sett i Tyskland og levde eit bisart liv. Offentlege protestuttrykk mot kongefamilien var noko heilt nytt i Thailand. Kongen vart hånt som «Fyrst Voldemort», skurken frå Harry Potter-bokserien.[15] Demonstrantane i Bangkok parodierte også ei scene som fann stad på München lufthamn i juli 2016, der kongen, iført ei kort undertrøye og jeans med tatoverte overarmar, tok imot ei helsing frå luftforsvarsoffiserane sine. Han bar den nye kvite puddelen sin og kunne derfor ikkje helse sjølv.[16] Demonstrantane kravde at den nye grunnlovsregelen som tillèt kongen å utøve si makt sjølv når han er utanfor Thailand og ikkje har utnemnt ein regent, skulle opphevast. Vajiralongkorn og hoffet hans forlét luksushotellet i Bayern, der han hadde budd under koronaviruskrisa, og returnerte til Thailand i oktober 2020. Det vart på grunn av 47-årsjubileet for studentopprøret i 1973 beordra arrestasjon av opposisjonsmedlemmer. Den 15. oktober 2020 vart det erklært unntakstilstand, og den 22 år gamle studentleiaren Panusaya Sithijirawattanakul vart også arrestert. Netiporn Sanesangkhom, ein student som allereie hadde vore under varetekt eller varetektslover sidan januar 2020, skulda for majestetsfornærming, døydde i mai 2024 etter ein sveltestreik, og etter at søknaden hennar om kausjon vart avvist. I august 2024 utnemnde Vajiralongkorn Paetongtarn Shinawatra (dottera til tidlegare statsminister Thaksin Shinawatra) til statsminister.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ AFP (2016-10-13). «Thai Prime Minister Prayuth says Crown Prince seeks delay in proclaiming him King». Coconut.co. Bangkok: Coconuts BKK. Henta 2016-10-14.
- ↑ «Crown prince Vajiralongkorn becomes Thailand's new king». Al Jazeera (på engelsk). Henta 2024-11-19.
- ↑ From Love to Fear av Claudio Sopranzetti, kapittel 6 i Chachavalpongpun, side 205-225
- ↑ A Kingdom in Crisis av Andrew Macgregor Marshall, kapittel 9, side 137-138
- ↑ «Thai Prince Awaits Crown, Groomed Since Birth for Throne». Bloomberg.com. Henta 2016-12-01.
- ↑ CNN, James Griffiths and Kocha Olarn. «Thailand: Crown prince assumes throne as King Rama X». CNN. Henta 2016-12-01.
{{cite web}}:|etternavn=has generic name (hjelp) - 1 2 «Thai king strips consort of titles for 'disloyalty'» (på britisk engelsk). 2019-10-21. Henta 2019-10-22.
- ↑ El-Fers, Mohamed. Historic ABC of Thailand (på engelsk). Lulu.com. ISBN 9781471775574.
- ↑ Romahn, Marcel. «Rama X. gibt Heirat bekannt: Thailand bekommt überraschend neue Königin». RP ONLINE (på tysk). Arkivert frå originalen 2019-06-04. Henta 2019-05-04.
{{cite web}}: Invalid|dødlenke=ja(hjelp) - ↑ «Andrew MacGregor Marshall @zenjournalist». X. 2020-02-29.
- ↑ Hamish McDonald (2011-02-12). «Thai politics becomes a dog's dinner» (på engelsk). The Sydney Morning Herald. Arkivert frå originalen 2025-01-21. Henta 2025-07-09.
- ↑ «Leaked video of Thailand's Crown Prince Vajiralongkorn».
- ↑ Andrew MacGregor Marshall (2015-02-05). «Thai crown prince's poodle, Air Chief Marshal Foo Foo, has been cremated». The Guardian. Henta 2025-07-09.
- ↑ Richard Bernstein (2020-01-24). «Thailand's playboy king isn't playing around» (på engelsk). Vox. Arkivert frå originalen 2025-06-12. Henta 2025-07-09.
- ↑ Charlotte Berrefjord Bergløff; Anja Strønen (2020-08-13). «Ungdom i Thailand utfordrer kongemakten og militærregjeringen» (på norsk). NRK. Henta 2025-07-10.
- ↑ Pavin Chachavalpongpun (2016-07-24). «A crown prince and German affairs» (på engelsk). New Mandala. Henta 2025-07-10.
- Denne artikkelen bygger på «Vajiralongkorn» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2025.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Litteratur
- Pavin Chachavalpongpun (2023). Rama X: The Thai Monarchy under King Vajiralongkorn (på engelsk). New Haven: Yale University Southeast Asia Studies. ISBN 978-1-7326102-2-4.
- Andrew MacGregor Marshall (2014). A Kingdom in Crisis: Thailand's Struggle for Democracy in the Twenty-First Century (på engelsk). London: Zed Books. ISBN 978-1-78360-057-1.