Vaksdal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaksdal kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Vaksdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Vaksdal
Fellesråd Vaksdal
Stad Vaksdal
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Landmark[1]
Material Stein
Innvigd 7. april 1933[1]
Takryttar Over skipet i vest
Altartavle Frå 1933, av Sigurd Lunde
Sitjeplassar Kring 300[2]
Kart
Vaksdal kyrkje
60°28′29″N 5°44′38″E / 60.4747°N 5.7439°E / 60.4747; 5.7439
Wikimedia Commons: Vaksdal kirke

Vaksdal kyrkje står i tettstaden Vaksdal i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1933.

Kyrkja ligg litt i utkanten av tettstaden, til høgre i biletet, eit stykke oppe frå fjorden.

Kyrkja er bygd i stein etter teikningar laga av arkitekt Ole Landmark. Inventaret i kyrkja er frå byggeåra eller seinare. Altertavla har form av eit alterskåp og har dekor i fleire felt med framstillingar av Getsemane, Golgata og påskemorgonen. Tavla er laga av Sigurd Lunde frå Bergen.

Vaksdal kyrkje er soknekyrkje i Vaksdal sokn i Hardanger og Voss prosti. Vaksdal har ikkje vore kyrkjestad før dagens kyrkje vart reist. Før dei fekk henne sokna folk i området til Bruvik kyrkjeOsterøy. Vaksdal sokn vart oppretta i 1933 ved at området vart skild ut frå Bruvik sokn. Fram til 1968 høyrde Vaksdal sokn til Bruvik prestegjeld, då vart Vaksdal prestegjeld oppretta med sokna Vaksdal, Dale, Eksingedalen og Stamnes. Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Vaksdal kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 13. april 2009 / 1. august 2016
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Vaksdal kirke», s. 358

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]