Vaktelmaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaktelmaurfugl

Status i verda: LC Livskraftig

Myrmornis torquata - Wing-banded Antbird (male)), Carajas National Forest, Pará, Brazil.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Myrmornis
Art: M. torquata
Vitskapleg namn
Myrmornis torquata
Boddaert, 1783

Vaktelmaurfugl, Myrmornis torquata, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Myrmornis.

Vaktelmaurfugl er 16,5 cm i lengd og veg 46 gram. Han har særs kort stjert, kraftig langt nebb, strupen er svart, krone, nakke og oversida raudbrun og gulbrunflekkete, undersida er gråleg. Vengene er mørke med fleire brungule band. Bak auga, ned til eit band rundt brystet er det svartkvite striper eller flekker. Hofuglen liknar, men har raudbrun krone og strupe.

Denne arten har habitat i våt tropisk eller subtropisk skog i lågland eller i bakkeskråningar. Vaktelmaurfugl søkjer føde parvis på bakken ved å hoppe rundt og flytte på eller snu på nedfallsblad. Dei følgjer ikkje svermar av vandremaur. Reiret er hengt opp i ei låg grein, egga er fløytekvite med brunfiolette strekar og flekker.

Vaktelmaurfugl kan treffast i alle desse landa: Brasil, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Nicaragua, Panama, Peru, Surinam og Venezuela.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]