Val-d'Isère

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Val d'Isère

Val-d’Isère er ei kommune i departementet Savoie i regionen Rhône-Alpes søraust i Frankrike. Kommunen har i kring 1 700 innbyggjarar og eit areal på vel 94 km². Val-d’Isère ligg 5 km frå grensa til Italia.

Val-d’Isère er ein kjend vintersportsstad. Sidan 1969 har det så å seie årleg vore arrangert renn i verdscupen i alpint på staden. Fleire av alpinøvingane under vinter-OL 1992 vart arrangert i Val-d’Isère. Verdsmeisterskapen i alpint 2009 vart avvikla i Val-d’Isère.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Val-d'Isère