Val Brembana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Val Brembana i Lombardia.

Val Brembana er ein dal i Lombardia nord i Italia. Han er kalla opp etter elva, Brembo som renn gjennom dalen.

Dei bergamaskiske Alpane utgjer nordsida av dalen, mest kjend Tre Signori og Diavolo di Tenda, medan Bergamosletta ligg i sør. I aust grenser dalen til Valle Seriana og i vest til Valle Imagna.

Dei største busetnadane i dalen er Zogno, San Pellegrino Terme og Piazza Brembana. Val Brembana er òg kjend for Simone Pianetti-massakeren, der sju mennske vart skoten og drepne i 1914. Pianetti vart aldri tatt for drapa.

Skiområdet[endre | endre wikiteksten]

Valle Brembana er òg namnet på skiområdet som dekkjer Foppolo, Valtorta og Piazzatorre.

Veg[endre | endre wikiteksten]

Hovudvegen i Val Brambana er N 470. Dalen er forbunde til Valtellina via Passo San Marco.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]