Val Ferret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Val Ferret
Sør for Val Ferret

Val Ferret er to dalar som går frå Col Ferret på grensa mellom Italia og Sveits, på sørsida av Mont Blanc-massivet. I nordaust går den sveitsiske dalen, som drenerer ut i Rhône, og i sørvest går den italienske dalen, som drenerer ut i Po.

Dei to dalane er knytte saman av ein fjellsti over Col Ferret.

Sveitsiske Val Ferret[endre | endre wikiteksten]

Dalen er omgjeve av høge fjell, særleg på vestsida (Mont Dolent, Tour Noir og andre toppar i Mont Blanc-massivet).

Dei største landsbyane i Val Ferret er (frå toppen til botn) Ferret, L'A Neuve, La Fouly, Prayon, Praz de Fort, Issert og Som la Proz, som alle ligg i kommunen Orsières. I alt bur det om lag 700 innbyggjarar i dalen.

Italienske Val Ferret[endre | endre wikiteksten]

Den italienske Val Ferret er den første dalen på venstresida av Val d'Aosta, like sør for Mont Blanc-massivet.

Frå Col Ferret (ved grensa), går dalen nedover, nedfor Pré de Bar-breen og dei tårnande Grandes Jorasses-toppane. Elva som renn gjennom dalen heiter Dora di Ferret (fransk Doire de Ferret), som nær La Palud (ved den italienske sida av Mont Blanc-tunnelen), renn saman med Dora di Veny som renn ned frå Val Veny til Dora Baltea, ei sideelv til Po.

Dei største landsbyane er Arnouvaz, Planpincieux og La Palud, alle i kommunen Courmayeur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°56′34.97″N 7°05′25.81″E