Val d'Ultimo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elva Falschauer i Val d'Ultimo

Val d'Ultimo (tysk Ultental) er ein 40 km lang fjelldal vest i provinsen Bolzano i Italia. Elva Falschauer (it. Valsura) renn gjennom dalen og er ei av sideelvane til Adige (ty. Etsch) frå høgre. Dalen går frå sørvest til nordaust, parallelt til den nedre Vinschgaudalen, og ligg sør for Merano (ty. Meran). Den nedre delen av dalen ligg i Lana, der Valschauer Bach og Adige møter kvarandre. Ein liten veg går sørover i dalen til Proveis og Val di Non (Cagnò) i Trento.

Kommunen Ulten (Ultimo) dekkjer det meste av dalen. Den nedre delen av dalen ligg i kommunen Lana. Størstedelen av innbyggjarane i dalen snakkar tysk (meir enn 94 % i følgje ei folketeljing i 2001). Den vestlegaste og høgaste delen av dalen er ein del av Stelvio nasjonalpark.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]