Val d'Orcia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sypresstre er ein typisk del av landskapet i Val d’Orcia

Val d’Orcia eller Valdorcia er eit dalområde i Toscana, sentralt i Italia, som strekkjer seg frå åsane sør for Siena til Monte Amiata. Karakteristisk for landskapet er jamne, oppdyrka åsar med raviner og pittoreske landsbyar som Pienza (ombygd som ein «ideell by» på 1400-talet under vern frå pave Pius II), Radicofani (heimstad til røvarhelten Ghino di Tacco) og Montalcino (Brunello di Montalcino vert rekna som ein av dei flottaste vinane i Italia). Landskapet har vorte kjend gjennom kunstverk frå renessansen og moderne fotografi.

I 2004 vart Val d’Orcia lagt til UNESCO si verdsarvliste.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Val d'Orcia med Monte Amiata, utsyn mot vest frå La Foce