Val di Sole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Val di Sole i provinsen Trento

Val di Sole eller Valle di Sole er ein dal i provinsen Trento i Italia. Dalen går frå aust til vest og den øvre delen av elva Noce renn gjennom han. Av sidedalar finn ein Val di Peio som strekkjer seg mot Ortler. Delen av dalen frå Ossana til Mostizzolo vart kalla Val di Sole, medan resten òg vert kalla Val Vermiglio.

Av busetnadar i dalen finn ein Vermiglio, Peio, Dimaro, Croviana og Malè (den største byen).

Val Vermiglio strekkjer seg til Tonalepasset og på den andre sida av passet byrjar dalen til elva Oglio som renn til Edolo. I nordvest grensar dalen til Ortlergruppa med nasjonalparken Parco Nazionale dello Stelvio, i sørvest til Adamellogruppa med naturreservatet Parco Naturale Adamello Brenta. I sør ligg skisenteret Madonna di Campiglio, like oppfor Campo Carlo Magno, eit pass som fører til Val Rendena.

I aust endar dalen ved Mostizzolo og Val di Non, som strekkjer seg sørover til Adigedalen nord for Trento.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]