Valaam

Koordinatar: 61°22′27″N 30°57′39″E / 61.37417°N 30.96083°E / 61.37417; 30.96083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kupert terreng på Valaam

Valaam (finsk Valamo) er ei øygruppe nord i innsjøen Ladoga i Republikken Karelen i Russland. Det totale arealet til dei meir enn 50 øyane er 36 km². Den største av desse heiter òg Valaam. Øyane er mest kjend for Valaam kloster og den vakre naturen.

På 1100-talet vart øyane ein del av Republikken Novgorod. På 1600-talet vart dei erobra av Sverige under den store urotida, men Russland gjenerobra dei mindre enn hundre år seinare. Då Storhertugdømet Finland vart oppretta tidleg på 1800-talet som ein sjølvstyrt del av Det russiske riket gjorde Aleksander I av Russland Valaam til ein del av Finland. I 1917 vart Valaam ein del av det sjølvstendige Finland, men kom inn under Sovjetunionen etter vinterkrigen og framhaldskrigen.

Namnet p øyane kjem frå det finsk-ugriske ordet 'валамо' (valamo), som tyder høgt fjell eller overflate. Klimaet og naturhistoria til øya er unik på grunn av plasseringa i Ladoga.

Våren byrjar i slutten av mars og ein typisk sommar på Valaam består av 30-35 solrike dagar, som er meir enn på fastlandet omkring. Normaltemperaturen i juli er 17 °C. Vinteren og snøen kjem tidleg i desember. I midten av februar går det an å køyre bil over isen til den næraste byen Sortavala (42 km). Normaltemperaturen i februar er -8 °C.

Kyrkje på Valaam

Det veks meir enn 480 planteartar på øya og mange av desse har vorte dyrka av munkar. Skogen er dekt av barskog og om lag 65 % av skogen er furu. Øya vart ofte vitja av tsarane Aleksander I og Aleksander II og andre medlemmer av keisarfamilien. Andre kjende gjester var Pjotr Tsjajkovskij og Dmitrij Mendelejev.

Øya er permanent busett. Det finst ein barnehage, eit galleri, eit stadion, ein skule og ei sjukestove.

Samfunnet på Valaam har i dag ikkje noko offisiell administrativ status. Innbyggjarane ønskjer å få offisiell status som landsbusetnad slik at dei kan delta i kommunale val. Leiarane av klosteret er derimot imot dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

61°22′27″N 30°57′39″E / 61.37417°N 30.96083°E / 61.37417; 30.96083