Valbysteinane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valbysteinane

Kart
Valbysteinane
59°03′01″N 10°05′37″E / 59.050209°N 10.093625°E / 59.050209; 10.093625
Valbysteinane i Larvik kommune i Vestfold. Foto truleg frå 1920-talet.

Valbysteinane er ei rektangulær steinsetting ved Valby i Tjølling i Larvik kommune. Steinsettinga er delt inn i to «rom», der det eine er markert med store opprette steinar i tre hjørne. Arkeologar har inga sikker forklaring på om det er ein heidensk seremonistad eller eit gravmonument. Den største av dei gjenståande bautasteinane måler ca. 230 cm over bakken. Sjølve steinsettinga er ikkje datert, men i nærliggjande gravhaugar er det gjort funn frå romartida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Valbysteinane
  • Valbysteinane i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren