Valdemar I av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valdemar I av Danmark
Valdemar den Store.jpg
Fødd14. januar 1131
FødestadSchleswig
Død12. mai 1182
DødsstadVordingborg
GravstadSt. Bendts kirke
Gift medSofia av Minsk
DynastiHuset Estridsen
FarKnut Lavard
MorIngeborg av Kyiv
BornKnut VI av Danmark, Valdemar II av Danmark, Ingeborg av Danmark, Helene av Danmark, Rikissa av Danmark, Sophia av Danmark, Christoffer, Marie Valdemarsdottir, Margaret Valdemarsdottir

Valdemar den store (14. januar 113112. mai 1182) var ein dansk konge. Han var medkonge 1147-1157 og einekonge 1157-1182.

Han var son av Knud Lavard og Ingeborg av Kiev. Valdemar vart fødd berre 8 dagar etter at faren hans blei drepen, og voks opp hjå den sjællandske hovdingen Asser Rig saman med sønene hans Absalon og Esbern Snare.

Dansk konge[endre | endre wikiteksten]

Under striden om retten til trona mellom Svein Grathe og Knut, slutta han seg til Svein, som i 1147 gjorde han til hertug av Slesvig. I 1154 gjekk Valdemar over til Knuts iside og trulova seg med halvsystera hans Sofie. Valdemar blei konge i Jylland i 1157, då riket blei delt mellom Svein, Knut og Valdemar. Seinare det året blei han einekonge, etter at Knut var blitt drepen under det såkalla blodgildet i Roskilde. Valdemar klarte å koma seg unna, og etter å ha samla ein hær slo han Svein på Grathe Hede, slik at han blei einekonge over heile Danmark.

Kampar mot vendarane[endre | endre wikiteksten]

Valdemar bygde opp ei sterk kongemakt og retta fleire slag mot vendarane (slavisk folk), støtta av vennen Absalon, som han utnemnde til biskop i Roskilde i 1158. I 1159 samla Valdemar ein sjællandsk flåte og gjennomførte eit tokt mot vendarane. Dei følgjande åra gjennomførte han ei rekkje tokt, noko som kulminerte med at han inntok Rügen i 1169. I samband med dette knuste dei kjente gudebilde. Valdemar gjekk i gang med å sikra grensa i riket mot sør, dels ved å bygga Valdemarsmuren i tilknyting til Dannevirke, dels ved å bygga festningsanlegg fleire stader i landet, m.a. ved Korsør og Nyborg. Absalon bygde ei festning på ei lita øy utanfor handelsplassen Havn (København) ved Øresund, kjend som Absalons borg.

Konflikt med kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske maktkampen mellom paven og keisaren nådde Danmark i 1160, då dei fleste bispar med Absalon i spissen støtta kongen, og erkebiskop Eskil måtte dra i utlegd i Frankrike. Krona og kyrkja kom til forsoning, og dette blei markert ved at far til Valdemar, Knud Lavard, blei opphøgd til helgen av pave Aleksander III og gravlagd i St. Bendts kyrkje i Ringsted. Samtidig blei den 7-årige soen til Valdemar, Knut VI, krona og salva som medkonge for å sikra arvefølgja. Dermed kan ein seia at det var Valdemar den store som innførte arvekongedøme i Danmark.

I 1177 trekte Eskil seg tilbake og Absalon blei utnemnd til erkebiskop i Lund. Absalon innsette fleire venner i leiande postar. I 1180 braut det ut eit ope opprør, og Absalon måtte flykta. Valdemar og Absalon vende tilbake i 1181 med ein hær og nedkjempa opprøret.

Norsk konge[endre | endre wikiteksten]

Valdemar hadde òg interesser i Noreg. Ifølgje Snorre hadde han eit samarbeid med den norske jarlen Erling Skakke, far til kong Magnus Erlingsson og i praksis riksstyrar medan sonen var mindreårig.[1] I 1165 kom Valdemar til Noreg. Ifølgje den danske historieskrivaren Saxo blei han tatt til konge over Viken (Oslofjord-området) på Borgartinget i Sarpsborg.[2] Snorre hevdar likevel at vikværingane nekta å ta Valdemar til konge.[3] Truleg er det Saxo som er mest truverdig her, medan Snorre gir eit forvrengt bilde for å framstilla Erling meir positivt. Snorre er tydeleg på Erling og Magnus si side, medan ein i Danmark sympatiserte med motstandaren deira, kong Håkon Herdebrei.[4]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I regjeringstida til Valdemar fann det stad store endringar i det danske samfunnet. Leidangsplikta blei avløyst av ein leidangsskatt, og for at dei skulle kunna husa kongen når han reiste rundt i landet, skulle bøndene no betala ein skatt til ombodsmennene til kongen (heile apparatet med ombodsmenn blei utbygga og vesentleg forbetra under Valdemar den store). Kongen fekk òg fleire inntekter i form av at kongen overtok ingenmandsland; det ingen eig, eig kongen. Valdemar tente òg godt på avgifter på den såkalla «Skånemarkedet» (sildemarknaden) i Skåne.

Valdemar døydde på Vordingborg slott 12. mai 1182. Bøndene i området bar liket til St. Bendts kyrkje, der han blei gravlagd. Saman med ektefellen Sofie fekk han sønene Knut og Valdemar Seier, og dessutan seks døtrer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre: Magnus Erlingssons saga, kap. 2
  2. Saxo: Fjortende bog, Valdemar den store, s. 197
  3. Snorre: Magnus Erlingssons saga, kap. 24
  4. Krag (1990): Viken som utgangspunkt for den norske rikssamlingen, i Collegium Medievale 3/1990, s. 185-189

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Valdemar I av Danmark