Valdemar den unge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valdemar den unge

Fødd1209
Danmark
Død28. november 1231
TittelDanmarks monark
Hus eller slektHuset Estridsen
GravstadSt. Bendts kirke
LandDanmark
MorDagmar av Danmark
FarValdemar II av Danmark
EktefelleEleonore av Portugal
BarnSophie Valdemarsdatter

Valdemar den unge (kring 120928. november 1231) var dansk medkonge i åra 1215–1231.

Han var det einaste barnet til Valdemar Sejr] og dronning Dagmar. Allereie då han var seks år gammal tok faren han som medkonge. I 1218 blei han også krona i Slesvig.[1][2]

Under ei jakt på Lyø i Sydfynske Øhav, blei Valdemar og faren tekne til fange av grev Henrik av Schwerin (ca. 1155–1228). Tre år seinare blei dei sleppte fri.

I 1229 gifta Valdemar seg med den portugisiske kongsdottera Eleonore, ei brordotter av Valdemar Sejr si anndre kone Berengária. Eleonore døydde i barselseng allereie i 1231, og barnet deira blei berre eit halvt år gammalt. Sjølv døydde Valdemar av eit vådeskot under ei jakt på Refsnæs i 1231.[1] Forfatter, filolog og prest Laurids Olufsen Kock (ca. 1634–1691) skreiv visa «Jagten paa Refsnæs» til minne om hendinga.[3]

Paret er gravlagd i St. Bendts kirke i RingstedSjælland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]