Hopp til innhald

Valderøytunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valderøytunnelen
Lengd4 222 meter
Stigning8,5%[1]
Trafikk9 033 (2024)[2]
Opna1987
Kart
Valderøytunnelen
62°30′00″N 6°09′07″E / 62.5°N 6.1519444444444°E / 62.5; 6.1519444444444

Valderøytunnelen er ein undersjøisk tunnelriksveg 658 i Ålesund og Giske kommunar i Møre og Romsdal. Tunnelen går under Valderhaugfjorden mellom Hovset på Ellingsøya og YtrelandValderøya. Tunnelen er 4222 meter lang, når 137 meter under havet, og største stigning er 8,5 %. Valderøytunnelen blei opna i 1987. Saman med Ellingsøytunnelen gav den ferjefritt vegsamband mellom Ålesund og Valderøya i Giske kommune, og dermed også ferjefritt samband til Ålesund lufthamn, VigraVigra.

Tunnelen var ein bomveg, bomstasjonen stod på Kverve på Ellingsøya. Bomperioden skulle opphavleg vare i 15 år, men på grunn av økonomiske problem hos tunnelselskapet, vart perioden forlenga til 22 år. Bompengeperioden opphøyrde i november 2009, og det er no gratis å bruke tunnelen.

Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Valderøytunnelen.

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]